Har du lidenskap for bil og teknologi? Me søker ein dyktig og engasjert bilskadereparatør, bilmekanikar og lærlingar
DIMMELSVIK BIL AS AVD VERKSTED
Dimmelsvik, Vestland
Fast
Fulltid
7 dager siden
Vil du jobba med ein av verdas sterkaste merkevare? No har du moglegheita!Gjennom kontinuerleg forbetring og respekt for menneske ynsker me at våre kundar skal vere Noregs mest fornøgde bileigarar. Hjå oss vil du bli ein del av eit dyktig team på 26 tilsette. Til stillinga søkjer me deg som veit kor avgjerande kvalitet og god service er, og som har evner til å ivareta nye og eksisterande kunder gjennom heile kundereisa.Du er interessert i og har vilje til å utvikla deg i faget. Det er fordel med fagbrev, men ikkje eit krav. Relevant praksis kan oppvega for fagutdanning.Har du eit brennande ynskje om å jobba innanfor dette fagfeltet men ikkje har direkte erfaring ? Ta kontakt for ein prat så ser ein om vi har anna felles veg til det målet. Arbeidsoppgåver bilskadereparatør og bilmekanikarBilskadereparasjoner, små og store skaderService og reparasjoner på lette kjøretøyUtføre kvalitetsarbeid etter produsent og importør sine retningslinjerSikra høg kvalitet på eige utført arbeid. Ønskte kvalifikasjonarFagbrev eller anna relevant erfaring.Er faglig dyktig, nøyaktig og effektiv.Har høg arbeidskapasitet og er løysingsorientertEvne til å arbeide sjølvstendig og i teamEr pliktoppfyllande og innehar høg serviceinnstillingEr positiv og har gode samarbeidsevnerFørerkort klasse B I stillinga tilbyr meMoglegheit til å arbeide i ein spennande bransje som er inne i ein rivande utvikling.Moglegheit til å arbeide med ein av verdas sterkaste merkevareEin variert, lærerik og utfordrande jobb i eit utvidet og oppgradert karosseriverkstadLæra å bli godt kjent med Toyota sin servicefilosofiGod faglig støtte og spanande stilling med gode utviklingsmogelegheiterFagleg oppdatering og utvikling gjennom Toyotas opplæringsprogrammerEin veldig seriøs bedrift som investerer i og for framtidaEi miljømedvite firmaKonkurransedyktig vilkår med pensjons- og forsikringsordningarBedriftshelseteneste og personalhytteHjå oss legg me stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsforholdOm bedriftenDimmelsvik Bil er eit bilsenter med tre hovudavdelingar. Det er bilverkstad, bilsal og bensinstasjon. Vi er 26 tilsette fordelt på fulltids- og deltidstilsette. Vi er ein Toyota-forhandlar, men reparerer alle bilmerke. Difor er vi også ein frittståande Mekonomomen-verkstad. Dimmelsvik Bil er også ein del av Jæger konsernet.Jæger Automobil er eit selskap i Jægergruppen A.S. Jægergruppen er Vestlandets største bilforhandlar og fører merka Toyota, Lexus, BMW og Mini. Jæger Automobil er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet har utsalsstader i Bergen, Sotra, Voss, Norheimsund, Alver, Haugesund og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsernet har totalt 250 tilsette og ei årleg omsetning på 1,7 milliard kroner. Me gler oss over svært høg kundetilfredsheit som har bidrege til den leiande marknadsposisjonen vår på Vestlandet. Kvalitet og kontinuerleg forbetring er grunnpilaren i Jægers og Toyotas filosofi. Derfor set me oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir fornøgde. Toyota er ein av verdas største og mest respekterte bilprodusent og er leiande på miljøteknologi og forsking.SektorPrivatNettsted