Er du klar for ein spennande start som trainee sjukepleiar?

Helse Fonna

  • Odda, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 måneder siden
Om stillingaKick-start karrieren din som sjukepleiar! Få verdifull erfaring frå både spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.Traineeprogrammet er for nyutdanna sjukepleiarar og dei med inntil 2 års erfaring. Oppstart for traineeprogrammet er i september 2024. Gjennom traineeordninga vil du få 2 år med brei kompetanse gjennom variert praksis. Det er lagt opp til eit strukturert løp med to arbeidsperiodar, fordelt på eitt år i kommunen og eitt år på sjukehus. Husk å leggje ved vitnemålet frå sjukepleiarutdanninga og referansar som har vurdert deg i praksis, eller i betalt arbeid.
  • Etter opplæring blir du ein del av den daglege drifta i dei ulike verksemdene.
  • Du får fagleg rettleiing skreddarsydd for kvar enkelt verksemd du arbeider i.
  • I tillegg blir det lagt til rette for erfaringsutveksling mellom deg og andre trainee sjukepleiarar.
Vi gleder oss til å motta din søknad!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:01.04.2024Arbeidsgivar:Helse Fonna HFStad:ODDAStillingstittel:Trainee sjukepleiarStillingar:2Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4772731154Startdato:02.09.2024Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Sjukepleieroppgåver
  • Sikre god dokumentasjon i gjeldende fagsystem
  • Bidra aktivt i utviklingsprosesser
  • Bidra til eit godt tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Du bør ha gode datakunnskaper
  • Gyldig politiattest må leggjast fram
  • Personlige egenskaper vil bli vektlagt
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskaparVi søker deg som
  • er lærevillig og fagleg engasjert
  • har evne til arbeide både sjølvstendig og i team
  • er strukturert og tar ansvar for at oppgåver vert gjort
  • bidreg til eit god arbeidsmiljø og er løysingsorientert
  • er ein god rollemodell
Vi tilbyr
  • Spennande og utfordrande jobb med variert praksis
  • Avsatt tid der du har moglegheit til fagutvikling og konkret veiledning
  • Rekrutteringsavtale med eigen tilskuddsordning for Ullensvang kommune
  • Program for trainee perioden presenteres før tilsetjing
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.Adresse: Sjukehusvegen 10, 5750 ODDA, NorgeKontaktinformasjonAndreas JacobsenFunksjonsleiarE-post: andreas.jacobsen@helse-fonna.noOm arbeidsgivarenHelse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå . Følg oss også gjerne på .

Helse Fonna