ArbeidsoppgåverHovudoppgåva som avdelingsleiar er å følge opp den faglege kvaliteten på opplæringa, læringsmiljøet og elevane sitt læringsutbyte både fagleg og sosialt.Som avdelingsleiar er du ein del av leiargruppa til skulen og har leiaroppgåver innanfor personalleiing, pedagogisk utvikling, økonomi og administrasjon av skulen.Avdelingsleiar har ansvar for pedagogisk og fagleg utvikling, både på eiga avdeling og på skulen som heilheit, i tett samarbeid med dei andre i leiargruppa.I den utlyste stillinga har avdelingsleiar personalansvar for dei tilsette i avdelingane elektro og realfag, med ansvar for ressursplanlegging, timeplanarbeid og vikarhandtering på avdelinga.Alle tilsette har eit felles ansvar for skulen sitt arbeid med eit trygt og godt skulemiljø.For den rette søkjaren vil det i stillinga kunne bli lagt eit utvida ansvar som skulen sin timeplanleggjar, eventuelt andre fellesoppgåver på grunnlag av interesse og kompetanse.KvalifikasjonarStillinga har krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.Søkjarar med relevant leiarutdanning og leiarerfaring, vil ha eit fortrinn.Stillinga krev god kunnskap om og forståing av samfunnsoppdraget til vidaregåande skule, om organiseringa av opplæringa, samt relevant regelverk.Det vil bli lagt stor vekt på økonomi- og systemforståing.Erfaring med timeplanarbeid eller liknande, samt kjennskap til administrative program som InSchool, Visma enterprise (HRM og økonomi), Elements og itslearning m.fl. vil vere eit fortrinn.Undervisningskompetanse i faga som avdelinga tilbyr vil kunne vere eit fortrinn.Personlege eigenskaparSøkjarar til stillinga må:- like å jobbe med ungdom, og ha eit godt elevsyn med tru på at den enkelte kan lukkast med opplæringa.- vere ein tydeleg og synleg leiar som involverer, skaper engasjement og tillit.- stå støtt i rolla som leiar, og skape oppslutning om utviklingsarbeid og endringar.- vere strukturert og sjølvstendig, ha stor gjennomføringskraft og vere god på skriftleg og munnleg kommunikasjon.- trivast med å samarbeide i team, og ha evne og vilje til å byggje relasjoner på tvers av dei ulike nivåa og avdelingane på skulen.Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskaper ved tilsetjing i stillinga.Vi tilbyrEit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø der eleven står i fokus.Ei spennande pedagogisk leiarstilling på ein stor og utviklingsorientert skule.Eit godt arbeids- og fagmiljø med god samarbeidskultur og engasjerte kollegaer.Ein skule med ambisjonar på vegne av elevane, og eit tett og godt samarbeid med lokalt næringsliv og andre aktørar.Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og i avtaleverk for avdelingsleiarstillingar i Vestland FylkeskommuneAndre opplysningarAdministrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest før oppstart.Det blir teke atterhald om tilsetjing, då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir og teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet og prosess knytt til aktuelle permisjonssøknader.Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema i webcruiter. Last opp attestar og vitnemål i søknadskjema, og legg inn minst to referansar.Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. opplæringslova.Adresse: NorgeKontaktinformasjonBerit Karin Øydvin Nilssenkonst. rektorE-post: berit.karin.oydvin.nilssen@vlfk.noOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.