
Helsefagarbeidar til 100% fast stilling
- Bergen, Vestland
- Fast
- Fulltid
Kontakt: Anette Haatuft Haugland, Tlf. 55973426.Ortopedisk avdeling har eit breitt fagfelt med alt frå mindre til større traumatiske skadar, ortopediske infeksjonar til landsdekkande funksjon for funksjonsforbetrande kirurgi. Med fire seksjonar kan vi tilby varierte arbeidsoppgåver og pasientgrupper. Helsefagarbeidarane hos oss deler definerte arbeidsoppgåver med sjukepleiarane. På Ortopedisk avdeling er det godt arbeidsmiljø, med mykje humor. Det er tett samarbeid mellom alle postane som bidrar til eit godt og sosialt miljø. Vi har oppgåvedeling, og helsefagarbeidar/hjelpepleiar deltar i dette etter ei intern opplæring, både teoretisk og praktisk. Av oppgåver kan nemnast å legge inn veneflon, henge opp/ta ned iv væske, sårstell, kateterisering, og kontroll av A- og B-preparat.
Vi har stort fokus på at vi skal trivast på jobb. Vi jobbar heile tida for å bli betre, og det er trygt og seie frå om det ein har på hjartet. Vi har tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Kontakt: Ingrid Merete Hjelle, Tlf. 55973710.Arbeidsoppgåver
- Omsorg og oppfølging av pasientar
- Samarbeid med sjukepleiar/legar og anna helsepersonell for å sikre heilhetleg behandling
- Rettleiing og støtte til pasientar, pårørande og lærlingar
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå sjukehus er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
- Engasjement for pasientbehandling og kontinuerleg læring
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
- Vi søker etter engasjerte medarbeidarar som har evne til å arbeide systematisk og målretta
- Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe sjølvstendig
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, empatisk og omsorgsfull, med evne til å sette pasientane i fokus
- Spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for vidareutdanning
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
5021 BergenNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5005360869
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025Kontaktperson for stillingenSjå kontaktpersonoppgitt for dei enkelte stillinganeOm bedriftenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.SektorOffentligNettsted