Rettleiar i Nav - vikariat
Nav
- Kokstad, Bergen
- Midlertidlig
- Fulltid
Då håper vi du vil søke jobb hos oss!Nav Bergen sør ser etter medarbeidarar som ønsker å hjelpe menneske med mål om å komme i eller behalde arbeid. Du vil bli ein del av ei avdeling som arbeider med brukarar over 30 år. Det er no ledig inntil to vikariat, foreløpig for 4 månader, med moglegheit for forlenging.Vi er eit kontor i stadig utvikling, med kvalifiserte og motiverte medarbeidarar. Vi gjer tenester til bydelane Fana og Ytrebygda. Vi held til på Kokstadflaten, i flotte lokale med aktivitetsbaserte arbeidsplassar.Nav Bergen sør består av ein statleg og ein kommunal del, og desse stillingane tilsettast i den statlege delen. Vi er organisert i ulike team, inndelt etter brukarane sine behov for tenester.Kva går jobben ut på?
- kartlegging, oppfølging, rettleiing og motivering av brukarar med mål om å få eller behalde arbeid
- saman med brukar kartlegge kompetanse, ressursar og sjå moglegheiter hos arbeidsgjevarar og/eller i arbeidsmarknaden
- vurdere, iverksette og følge opp aktuelle arbeidsretta tiltak
- samarbeid med arbeidsgjevarar, helsetenester, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar
- dokumentere arbeidet i Nav sine datasystem
- sakshandsaming etter gjeldande lovverk
- høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan helsefag, samfunnsfag, pedagogikk eller rettleiing. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- rettleiingskompetanse eller erfaring frå oppfølging av menneske i ulike livsfasar
- være flink til å handtere digitale verktøy i arbeidet, og ha kjennskap til Office 365
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne og gode norskkunnskapar (minimum tilsvarande nivå B2)
- kjennskap til arbeidsmarknaden
- erfaring med sakshandsaming frå offentleg sektor
- du er trygg og taklar ein variert og hektisk arbeidskvardag
- du arbeider målretta, systematisk og heilskapleg
- du er god til å motivere, skape engasjement og bygge relasjoner
- du vil møte menneske med ulike utfordringar og behov. Det er derfor viktig at du kan lytte, rådføre deg med andre og kommunisere klart og tydeleg
- moglegheit til å gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø prega av engasjerte og kunnskapsrike kollegaer, og gode høve for fagleg utvikling
- velferdsgode som fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
- bybanestopp like ved kontoret og parkeingshøve
- statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønsspenn frå kr. 622 000,- til kr. 660 000,- per år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Bente Woods, Avdelingsleiar, 95760993,Arbeidssted Kokstadflaten 40
5257 KokstadNøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5109631502
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.04.2026Kontaktpersoner for stillingenStian NygårdAvdelingsleiar911 11 152Kopier telefonnummerKopier e-postadresseBente WoodsAvdelingsleiar95760993Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenNav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.NAVstillingSektorOffentlig