Stipendiat i generativ maskinlæring med geovitenskapelige anvendelser [Distinguish]

Universitetet i Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 30 dager siden
Stipendiat i generativ maskinlæring med geovitenskapelige anvendelser [Distinguish]Kunnskap som formar samfunnetUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. ogUiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Stipendiat i generativ maskinlæring med geovitenskapelige anvendelser [Distinguish]Ved er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i maskinlæring. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Noregs Forskingsråd og knytt til prosjektet « ».Stillinga er tilgjengeleg frå 01.05.2024 og vi forventar at kandidaten kan starte i stillinga senast 31.10.2024.Om instituttetDigitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har om lag 900 studentar og 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning, tverrfagleg samarbeid innan Data Science, maskinlæring og kunstig intelligens, i tillegg til andre relaterte emne og bruksområde.Om prosjektet/arbeidsoppgåverGeostyring, dvs. evna til å finjustere brønnposisjonering i sanntid, aukar brønnverdien og reduserer risiko. Geostyring er avgjerande for petroleumsbrønnar, og aktuelt for andre operasjonar som geotermiske prosjekter, horisontalboring av brønnar og tunnelar, samt CO2-lagringsbrønner. Noverande geostyringsavgjerd bygger på rask manuell tolking av sanntidsdata med omsyn til modeller, geologi og tilknytt usikkerheit.Avanserte ensemble-metodar er kjernen i lukka-løkke reservoarstyring (EnCLRM), den nye standarden for automatisk optimalisering av petroleumsfelt under usikkerheita. EnCLRM er diverre ikkje rask nok for geostyring i sanntidsoperasjonar pga. kompleksiteten i geomodellering. Dette kan løysast med nye generativt nettverks (GN) geomodellar som "lærer geologi" før boreoperasjon og har yting på under eitt sekund. GN-geomodellane vil mogleggjere sanntids data-assimilering og gi støtte til avgjerd. DISTINGUISH vil utvikle disse teknologiane i en geostyringsarbeidsflyt. Prosjektet introduserer ny tankegang ved å erstatte "deteksjonsdybde" med "prediksjonsavstand" og sannsynlighetsbetinga avgjerdsstøtte.Denne stillinga er primært dedikert til å utvikle GN-geomodeller som reproduserer og parametriserer realistiske, komplekse undergrunnsmiljø. I tillegg skal stipendiaten bidra til metodar for konsistent integrering av data under modellopplæringa og påfølgande dataassimilering. Merk at NORCE også tilsett ein stipendiat innanfor same prosjektet som skal fokusere på avgjerdsstøtte ved bruk av KI.Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk eller relaterte felt (for eks. matematikk, statistikk, geovitskap med sterk vekt på bereknings- og programmeringsaspekt), eller levere masteroppgåva til vurdering innan 30.06.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring innan maskinlæring er eit krav.
  • Solid kunnskap og erfaring med programmering er eit krav
  • Erfaring innan generative modellar er ein føremon.
  • Erfaring frå geomodellering er ein føremon
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd r og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.For stillinga gjeldt følgandeOm stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller ved Universitetet i Bergen.Vi tilbyr
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Søknaden skal innehalde
  • motivasjonsbrev med ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå master- eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva skal leveres innan 30.06.2024. I så fall bør det også leveres et utkast til mastergradsoppgåva.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.
) * eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: r eller ved NORCE.For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med .Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen .Livet som ph.d.-kandidat ved UiBAstrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Universitetet i Bergen

Lignende stillinger

  • Stipendiat i hydrotermisk biogeokjemi

    Universitetet i Bergen

    • Bergen, Vestland
    Stipendiat i hydrotermisk biogeokjemi UiB - Kunnskap som formar samfunnet Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til e…
    • 20 dager siden
  • Stipendiat i terrestrisk økologi

    Universitetet i Bergen

    • Bergen, Vestland
    Stipendiat i terrestrisk økologi. UiB - Kunnskap som formar samfunnet Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit s…
    • 1 måned siden