🔍 Vi ser etter ein engasjert rekneskapsførar -- er det deg?
ANCE AS
Sandane, Vestland
Fast
Fulltid
6 dager siden
Har du lyst til å bruke kompetansen din til å hjelpe kundar med både rekneskap og rådgjeving -- og samtidig bli ein del av eit triveleg og framoverlent fagmiljø? Då bør du lese vidare!ANCE AS er eit autorisert rekneskapsbyrå i vekst, og no ser vi etter ein ny kollega som vil vere med og styrke laget vårt.Vi held til lokalt, men tenkjer stort -- og tilbyr økonomi- og rådgjevingstenester til små og mellomstore bedrifter, inkludert landbruket. 💡 Kva gjer oss unike?Hos oss står engasjement , kvalitet og resultat i sentrum. Vi er tett på kundane våre, og trur på verdien av god dialog og ekte samarbeid. Kombinert med solid fagkompetanse gir det resultat vi er stolte av -- og som kundane våre set pris på. 🎯 Kven ser vi etter?Har høgare utdanning innan økonomi/rekneskap.Gjerne erfaring frå rekneskapsarbeid.Er strukturert, nøyaktig og trivst med ansvar.Har eit ekte engasjement for faget og ønskjer å utvikle deg vidare.Er god på å samarbeide og kommunisere -- både med kundar og kollegaer.Held hovudet kaldt i hektiske periodar og leverer til frist. 🚀 Dette kan du forvente hos oss:Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan rekneskap og rådgjeving.Moglegheit til å bygge og ha ansvar for eigen kundeportefølje.Fleksibel arbeidstid og høve til heimekontor.Eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø med høg fagleg standard.Gode moglegheiter for kompetanseutvikling.Konkurransedyktige lønsvilkår.Framleis litt usikker? Då må du ringe Anne for å høyre om dette er rette stillinga for deg!Då håpar vi du tek kontakt -- vi ser fram til å høyre frå deg!Om bedriftenANCE AS er eit autorisert rekneskapsbyrå som ligg i tettstaden Sandane i vakre Gloppen kommune. Vi har brei bransjekunnskap og lang erfaring, og tek gjerne ansvar for heile eller delar av rekneskapsfunksjonen til kundane. I dag er vi 5 tilsette, og 4 av oss er statsautoriserte rekneskapsførarar.SektorPrivatNettsted