
Bygg framtida med oss – du får leie utviklinga av byggesaksområdet i ein kommune i vekst
- Storebø, Vestland
- Fast
- Fulltid
- Sikre god dialog og tilgjenge for innbyggjarar og næringsliv
- Bidra til digitalisering og effektivisering
- Samhandling med planavdelinga og andre fagmiljø for heilskapleg arealforvaltning
- Tett dialog med politisk leiing, førebu saker for politisk behandling og delta i politiske møte
- Budsjett-, personal- og fagansvar for eininga
- Sikre at byggesaksbehandlinga følgjer lovkrav og fristar
- Vidareutvikle rutinar, praksis og digitale løysingar
Vi ser etter ein strategisk og utviklingsorientert leiar som er flink til å motivere og byggje relasjonar. Du har ein leiarstil som byggjer på tillit og meistring, og du trur på at ansvar og handlingsrom gir dei beste resultata. Du har evne til å stå støtt i krevjande saker, samstundes som du ser verdien av godt samarbeid og open dialog.
Du har:
- erfaring med leiing, gjerne frå offentleg forvaltning eller byggjesektoren
- god forståing for plan- og bygningslova
- erfaring med endringsprosessar, digitalisering og effektivisering
- evne til å balansere faglege krav, politiske føringar og brukaromsyn
- sterke kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
Austevoll er ein framtidsretta øykommune med høg aktivitet og sterke næringar. Her får du jobbe i eit moderne kommunehus på Storebø, i eit fagmiljø som vil framover, i ei leiargruppe prega av velvilje og tett samarbeid og i eit politisk landskap der det er korte avstandar frå idé til vedtak. Vi verdset initiativ, fleksibilitet og robustheit.
Vi tilbyr:
- Ei sentral rolle i utviklinga av ein kommune i vekst
- Moglegheit til å sette retning for byggesaksområdet
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Fleksible løysingar for pendlarar og hybrid arbeid
Arbeidsstad: Kommunehuset på Storebø
Stillingstype: 100 % fast stilling
Oppstart: Etter avtale
Søknadsfrist: 05.09
Spørsmål om stillinga?
- Morten Myhren, rådgjevar i Human AS - tlf. 48 22 46 60
Bransje Offentlige lederstillinger
Alternativ bransjekategori Håndverk / Bygg / Anlegg / Mekanikk
Alternativ bransje Bygg og anlegg