Sjukepleiar med sans for fart, folk og litt gøy?
Helse Fonna Se alle jobber
- Haugesund, Rogaland
- Midlertidlig
- Fulltid
- følgje opp pasientar i ulike fasar av behandlinga
- gjere observasjonar og faglege vurderingar
- møte pårørande med informasjon og støtte når det trengst
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- er god til å sjå mennesket bak sjukdommen
- trivst med å samarbeide tett med andre og støttar kollegaene dine
- spør når du treng det, og stiller opp når andre treng di hjelp
- likar å lære og utvikle deg i ein kvardag der mykje skjer
- god og tilpassa opplæring, med fleire vakter saman med erfaren sjukepleiar både på dag og kveld
- kollegaer å spørje og støtte deg på - du står aldri åleine med ansvaret
- faste fagdagar i turnus og jamlege kurs som gir deg fagleg påfyll
- eit arbeidsmiljø med mykje humor og låg terskel for å spørje kvarandre om hjelp
- høve til å vere med og påverke oppbygginga av ny sengepost fram mot flytting til nytt bygg i 2027