Avløysar for mjølkeproduksjon og sau - Luster

LANDBRUKSTENESTER SOGN SA

  • Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 17 dager siden
Hva vi ser etterBonden treng flinke folk for å sikre god matproduksjon. Og dei relativt store gardane treng ekstra personale for ta ut rettane dei har i velferdsordningane i landbruket.Me ser etter ein person som er ansvarsbevisst og kan arbeide sjølvstendig.Du må kunne kommunisere godt med bonden. God dyrevelferd.ArbeidsoppgaverArbeidsoppgåvene dine blir stell og pass av husdyra på garden når bonden ikkje greier det sjølv eller treng ferie og fritid.Dersom du likar praktisk arbeid, stell og pass av dyr, mekking og skruing, då er du rett person for oss.Drifta på det enkelte gardsbruk varierer og det trengst evner til god kommunikasjon og gjennomføring av rutinar i følgje opplæring.Du skal arbeide hjå fire bønder og følgje ein arbeidsplan som blir sett opp i fellsskapVi tilbyrMe tilbyr ein jobb der du får bruke alt du har lært om husdyrhald og gardsdrift. Det er variasajon i arbeidsoppgåvene alt etter årstida og du har difor arbeid både inne i fjøset og ute på garden eller i skogen.Du kjem i eit kollegium med andre avløysarar og landbruksvikarar i Indre Sogn.Me tilbyr aktuelle kurs og faglege samlingar.Kontaktperson for stillingenAud Fossøydagleg leiar909 62157Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenLandbrukstenester Sogn er i fin vekst og har ein stab av velkvalifiserte avløysarar. Me har ungdomar og andre som blir rekruttert inn i bedrifta. Dei syner interesse og iver for å arbeide i landbruket.Det er viktig for oss at bonden skal få den arbeidshjelpa hen treng til rett tid. Og det breie kontaktnettet vårt gjer at me oftast greier å løyse alle oppdrag.Me legg vekt på at alle tilsette skal ha ein god arbeidskvardag med meiningsfylte oppgåver samt fri og ferie etter gjeldande reglar.Mange av våre tilsette brukar elektronisk rapportering av timar gjennom Webtemp som blir lettvint for alle partar.SektorPrivatNettstedFacebook

LANDBRUKSTENESTER SOGN SA