Department Manager Hull

ULSTEIN VERFT AS

  • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Ulstein Verft bygger avanserte spesialfartøy og tilbyr eit breitt spekter av tenester innan nybygg og ettermarknad. Vi er inne i ei spanande periode med mykje aktivitet, og vi ønsker å styrke kartlegging og oppfølginga ved skrogverft. Vi søker derfor etter ein engasjert Department Manager Hull som får ansvar både inn mot val av skrogverft samt oppfølging mot skrogverft i konstruksjonsfasen ved site.Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for oppfølging av prosjekt på site i lag med prosjektleiing
  • Utvikle samarbeid med eksisterende og nye skrogverft
  • Sikre ressursar til oppfølging av prosjekt på skrogverft
  • Leie forhandlingar og utarbeide kontrakter mot skrogverft
  • Oppfølging av kontraktsvilkår mot skrogverft
  • Rapportering til prosjekt og produksjonsleiing
  • Budsjettansvar for avdelinga
  • Personalansvar for Site team
  • Kalkyleansvar for skrog
Arbeidsstad er Ulstein Verft, men reiseaktivitet må påreknast.Kvalifikasjonar og erfaring
  • Relevant erfaring og kompetanse frå maritim industri.
  • Kunnskap innan forhandlingar og kontraktsoppfølging
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskaparDu vil sannsynlegvis lukkast i stillinga dersom du er
  • Initiativrik og løysingsorientert
  • Effektiv og strukturert, slik at du har god kontroll over tidsfrister, leveransar og kvalitetskrav
  • Kunnskapsorientert, deler villig av dine erfaringar og held fokus på praktiske løysingar som sikrar god framdrift
  • Fokusert på god kommunikasjon- og samarbeid, slik at du lykkast i møte med både leverandørar og tverrfaglege team
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplassUlstein Verft byr på utfordrande og variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar, og fleksitidsavtale for våre tilsette.Vi tilbyr moglegheit til å jobbe med ny teknologi og eit godt fagleg miljø med høve til personleg utvikling. I denne rolla får du moglegheit til å påverke strategiske avgjersler knytt til skrogproduksjon og leverandørval. Du vil vere ein nøkkelperson i prosjekt, og får moglegheit til å utvikle deg innan prosjektleiing, leverandørstyring og teknisk oppfølging med støtte frå erfarne kollegaer.Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.Kontaktinformasjon Ole Osnes Gjerde, Production Manager, +47 99 59 71 75,Arbeidsstad Osnesvegen 110
6065 UlsteinvikNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 5004656540
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.09.2025Kontaktperson for stillingenOle Osnes GjerdeProduction Manager+47 99 59 71 75Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.SektorPrivatNettsted

ULSTEIN VERFT AS

Lignende stillinger

  • Department Manager Hull

    Ulstein Verft AS

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Om stillinga Ulstein Verft bygger avanserte spesialfartøy og tilbyr eit breitt spekter av tenester innan nybygg og ettermarknad. Vi er inne i ei spanande periode med mykje aktivi…
    • 6 dager siden
  • Project Manager

    • Fosnavåg, Møre og Romsdal
    MMC FIRST PROCESS er et norsk selskap. Vi baner vei i sjømatindustrien gjennom å tilby komplette og bærekraftige systemløsninger for håndtering, prosessering og kjøling av fisk på …
    • 3 dager siden
  • Furuno Norge AS søker Area Sales Manager Fishing

    HAMNOY AS

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Om stillingen Vil du være med å forme fremtidens salg i maritim sektor? Hos Furuno Norge AS får du som Area Sales Manager - Fishing en unik mulighet til å utvikle markedet og v…
    • 2 dager siden