Miljøarbeidarar

Kvam herad

  • Norheimsund, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 timer siden
Om stillingaTolomarka omsorg og avlastning er eit avlastningstilbod for barn i alderen 5 til 10 år og søkjer etter fleire nye fagarbeidarar innan helse- eller barne og ungdomsarbeidarfaget. Me søkjer motiverte medarbeidarar med erfaring og kunnskap om barn med utviklingshemming eller autismespekterforstyrringar.Er du ein engasjert, initiativrik og trygg vaksen? Då kan du vera den me søkjer etter!Me har ledig 3 stillingar på avdelinga for avlastning til barn og unge med funksjonshemming:
  • 83 % fast stilling som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar ledig frå 1. desember.
  • 60 % fast stilling som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar. Ledig frå snarast.
  • 45 % fast helgestilling som helsefagarbeidar, barne- eller ungdomsarbeidar eller personar med formell sosialfagleg eller pedagogisk kompetanse og erfaring frå målgruppa kan bli vurdert til stillinga. Ledig frå snarast.
I Tolomarka omsorg og avlastning ønskjer me å bidra til at tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet, ha gode relasjonar til dei rundt seg og ta del i meiningsfullt arbeid, utdanning og aktivitet. Me hjelper tenestemottakarane i alle aspekt av livet; på jobb og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team, etter prinsippa om målretta miljøarbeid og lågaste effektive omsorgsnivå.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:21.09.2025Arbeidsgivar:Kvam heradStad:NorheimsundStillingstittel:MiljøarbeidararStillingar:3Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:83Webcruiter-ID:5005985404Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
  • Ta del i dagleg drift av bufellesskap og avlastning til menneske med utviklingshemming
  • Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
  • Legemiddelhandtering
  • Primærkontaktansvar
  • Bidra i målretta miljøarbeid og dokumentasjon
KvalifikasjonarMe ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement
  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Lærlingar som brenn for dette feltet og får autorisasjon våren 2026 kan også søkja.
  • Fordel med relevant arbeidserfaring, spesielt innan autismespekteret
  • Interesse og ønske om å jobba med personar med utviklingshemming og nedsett funksjonsevne
  • Ha god relasjons- og kommunikasjonsferdigheiter og toler å stå i utfordrande åtferd
  • Du må kunna arbeida sjølvstendig
  • Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg framstillingsevne og kommuniserer tydeleg
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Alle som yt tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.Personlege eigenskaparMe ynskjer oss deg som er:
  • Robust: Du er hardfør og toler å stå i utfordrande situasjonar
  • Lagspelar: Du samarbeidar godt med andre, tek din del av fellesskapet sine oppgåver.
  • Lojal mot avgjerder, tar imot og gjev tilbakemeldingar på ein ordentleg måte
  • Løysingsorientert og foreslår endringar der du ser behov
  • Fleksibel og gjennomfører det me har bestemt, planlagt eller avtalt
  • Fagleg oppdatert og følgjer etiske standardar aktivt i arbeidskvardagen og i møte med tenestemottakaren. Du bidreg til å oppretthalda kultur for dette i avdelingane.
Me tilbyr
  • Interessante, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Det er gode moglegheiter for ekstravakter dersom ønskjeleg. Turnusen inneheld både langvakter inntil 12,5 timar og dag/kveldsvakter med arbeid 3 kvar helg.
Generell informasjon:
  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.Adresse: Furuflaten 4, 5600 Norheimsund, NorgeKontaktinformasjonLars Kristian SkårGruppeleiar Tolomarka omsorg og avlastningOm arbeidsgivarenOppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger!

Kvam herad