Fagbioingeniør med driftsansvar for ny blodprøvetakingseining på Nesttun
HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS
- Vestland
- Fast
- Fulltid
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) ved Haukeland universitetssjukehus er det største laboratoriet i Helse Bergen, med over 350 tilsette. Avdelinga har brei aktivitet innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne og avansert laboratorieutstyr. Vi består av 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, i tillegg til tre legegrupper.Preanalytisk seksjon er den største seksjonen i MBF med mellom 40-50 tilsette bioingeniørar og helsesekretærar. Seksjonen har ansvar for blodprøvetaking, prøvemottak, registrering og fordeling av prøvar - både internt i MBF og til andre laboratorium i sjukehuset. Seksjonen har også ansvar for fleire av dei kontorfaglege og prosjektrelaterte oppgåvene i avdelinga.Laboratorieklinikken driftar fleire blodprøvetakingseiningar i Bergen og omegn. Desse einingane er organisatorisk knytt til preanalytisk seksjon ved MBF.Arbeidsoppgåver
- Overordna drifts- og fagleg ansvar for blodprøvetakingseininga
- Planlegging og koordinering av arbeidsoppgåver
- Ivareta utforming og oppdatering av prosedyrar
- Bestille forbruksvarer
- Blodprøvetaking, prøvebehandling og anna tilliggande laboratoriearbeid
- Opplæring av, og fagleg ansvar for tilsette
- Andre oppgåver kan tilkome
- Norsk autorisasjon som bioingeniør og ha arbeidd minimum 2 år i laboratorium med tilsvarande preanalytisk verksemd
- Erfaring med drift og/eller leiing er ønskeleg
- Kjennskap til kvalitetssystem og laboratorieprosessar
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Det er ein fordel med relevant tilleggsutdanning
- Evne til samarbeid og lagarbeid. I tillegg må man kunne arbeide, sjølvstendig, effektivt og systematisk
- Ansvarsbevisst
- Interesse for utvikling og kvalitet
- Personleg egnethet blir lagt vekt på
- Ei spennande stilling i eit fagmiljø i utvikling
- Moglegheit til å vere med frå oppstart og påverke utforming av eininga
- Fagleg utvikling og tett samarbeid med dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og velferdsordningar gjennom Helse Bergen
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882,Arbeidsstad Nesttunvegen 92
5221 NesttunNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4998475181
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025Kontaktpersoner for stillingenIngunn BørøSjefbioingeniør55977882Kopier telefonnummerKopier e-postadresseNina Marie NamtvedtSeksjonsleiar55977829Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.SektorOffentligNettsted