Lærling helsearbeidarfaget

Haram kommune

  • Brattvåg, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 7 dager siden
Om stillingaHaram kommune har ledige stillingar som lærling i helsearbeidarfaget. Læreplassane er i institusjonar
og ulike omsorgs- og behandlingstilbod i kommunal sektor i kommunen. Ein arbeidar i turnus. Vi har fleire ledige
læreplassar.Vi søkjer deg som er lærevillig, engasjert og interessert i faget. Er du i tillegg påliteleg og har godt humør, vil vi gjerne høyre frå deg!Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å
spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søker om tenester.I søknaden ber vi deg gi opp følgjande informasjon: referanse frå lærar vg2 + kontaktinfo til lærar, kopi av karakterprotokoll frå vg1, og kopi av karakterprotokoll frå 1.termin - vg2.Oppstart etter avtale. Vi ser fram til å motta søknad frå deg!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.01.2026Arbeidsgivar:Haram kommuneStad:BrattvågStillingstittel:Lærling helsearbeidarfagetStillingar:4Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:LærlingStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5008231337Sosial deling :ArbeidsoppgåverHelsefagarbeidaren utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og omsorgstenesta.Sentrale arbeidsoppgåver er:
  • utøving av fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp, med brukaren i sentrum
  • arbeid med helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande pleie- og omsorgstiltak
  • planlegging, utføring og deltaking i det totale behandlingsopplegget for pasienten/brukaren
  • arbeide etter gjeldande hygieniske, ernæringsmessige og ergonomiske prinsipp
  • handtere medikament etter gjeldande lovverk
  • journalføring, dokumentasjon og rapportering
  • dokumentere opplæringa i olkweb
Kvalifikasjonar
  • Fullført og bestått vg1 Helse- og oppvekstfag
  • Fullført og bestått vg2 Helsearbeiderfag (ev. kryssløp)
  • Legge fram politiattest ved tilsetjing
  • Løyve til å bu og arbeida i Noreg
Ønska kompetanse:
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Interessert i å jobbe med menneske
  • Engasjert, positiv og omsorgsfull
  • Lærevillig og initiativrik
  • Fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
  • Lærekontrakt og arbeidsavtale i tråd med Opplæringslov og Arbeidsmiljølov
  • Opplæring og faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Lønn i tråd med hovudtariffavtale. Ein lærling har ei fagarbeidarlønn fordelt på 2 år
  • Varierte arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande læreplan og arbeidsinstruks
  • Fagleg rettleiing av godkjende faglege leiarar og erfarne instruktørar
  • Oppfølging, kurs og samlingar gjennom opplæringskontora
Adresse: Strandgata 40, 6270 Brattvåg, NorgeKontaktinformasjonMarit VolstadDagleg leiar, fleirfagleg opplæringskontor Sunnmøre og RomsdalE-post: marit.voldsta@naaopp.noAnn Kristin BergRådgjevarE-post: ann.kristin.berg@haram.kommune.noKarianne Aamås BeiteHR RådgivarE-post: karianne.aamas.beite@haram.kommune.noOm arbeidsgivarenHaram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Haram kommune

Lignende stillinger

  • Lærling i barne- og ungdomsarbeiderfaget

    Haram kommune

    • Brattvåg, Møre og Romsdal
    Om stillinga Haram kommune har ledige stillingar som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Det er ikkje avgjort kor læreplassane blir enno, men søkarar kan gjerne skrive i sø…
    • 6 dager siden
  • Lærling helsearbeidarfaget

    HARAM KOMMUNE BUSTADER

    • Brattvåg, Møre og Romsdal
    Haram kommune har ledige stillingar som lærling i helsearbeidarfaget. Læreplassane er i institusjonar og ulike omsorgs- og behandlingstilbod i kommunal sektor i kommunen. Ein arbe…
    • 7 dager siden
  • Lærling i barne- og ungdomsarbeiderfaget

    HARAM KOMMUNE BUSTADER

    • Brattvåg, Møre og Romsdal
    Haram kommune har ledige stillingar som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Det er ikkje avgjort kor læreplassane blir enno, men søkarar kan gjerne skrive i søknaden kor dei …
    • 7 dager siden