Vil du bli med på laget rundt ungdommane våre?

FUSA UNGDOMSSKULE

  • Eikelandsosen, Vestland
  • Fast
  • Deltid
  • 8 dager siden
Vi har ledig 50% fast stilling som fagarbeidar ved Fusa ungdomsskuleVi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.Arbeidsstad
Fusa ungdomsskule har adresse Brakabygda 33 og ligg sentralt plassert i Eikelandsose. Skulen ligg tett ved fleirbrukshall, fjord og fjell, og stod ny hausten 2019. Skuleåret 2025-2026 er det 155 elevar ved skulen og omlag 23 tilsette. Satsinga er nærvær, lesing og skulemiljø. Vi jobbar med inkludering og fellesskaping; elevar og vaksne skal kjenne på å høyre til ved Fusa ungdomsskule.Arbeidsoppgåver
- Vere ein trygg og autoritativ vaksen i møte med ungdom
- Tilrettelegging for, og ivaretaking av elevane sine behov fagleg og sosialt
- Bidra til å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen.
- Jobbe for eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø.Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men søkarar med anna relevant utdanning og erfaring med barn og unge kan bli vurdert.
- Erfaring med å jobbe med barn med særskilte behov.
- Søkarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.Eigenskapar
Vi søker deg som er ein trygg, raus, struktuert og tydeleg vaksen. Deg som likar å jobbe med ungdom og som har eit positivt elevsyn. I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskaper. Engasjement, fleksibilitet, samarbeid og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunenEtter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenVivi Irene FosseRektor+47 917 27 724 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenBjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

FUSA UNGDOMSSKULE