Kontrollingeniør asfalt

  • Molde, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 10 dager siden
Vil du ha ein spanande jobb, med mykje fridom i eigen arbeidskvardag? Vil du jobbe for at folk kvar dag kjem seg trygt fram til skule, barnehage, jobb, fritid og familie?Fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ledig ein fast stilling innan vegdrift.Vi søker etter ein kontrollingeniør for asfaltkontraktar på Sunnmøre.
Fylkesvegnettet i Møre og Romsdal består av om lag 3200 km veg, 62 tunnelar, om lag 1000 bruer samt andre vegelementer.Du blir fast tilsett i vegdriftseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Seksjonen sørger for dagleg drift og vedlikehald av fylkesvegane, og har samtidig ansvar for asfalt, tunnelar, beredskap og geologi/geoteknikk.Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du må rekne med ein del reising i fylket.Kontorstad for denne stilinga er ÅlesundArbeidsoppgåver Som kontrollingeniør hos oss vil du:- Vere del av eit team som styrer asfaltkontrakter, samt samarbeide med øvrige drift- og vedlikehaldskontraktar
- Rapportere til byggeleiar og støtte byggeleiar i oppfølging av kontraktene
- Bidra til å ha kontroll på dekketilstand/asfalteringsbehov på fylkesvegnettet
- Planlegge og følje opp asfalttiltak på fylkesvegar i tett samarbeid med entreprenør og byggeleiar på kontrakt
- Gjennomføre kontrollar samt analysere, dokumentere og rapportere resultat
- Ha ei variert og sesongstyrt arbeidsveke med feltarbeid og kontorarbeid
- Periodevis pårekne noko kveld/nattarbeid i samband med asfalteringsarbeid
- Samarbeide med andre fagpersonar både i teamet og i avdelinga
- Gjere greie for gjennomførte kontrollar i byggemøter
- Bruke relevant dataverktøy for bransjen
- Følge opp og støtte HMS arbeidet i kontraktaneKvalifikasjonar- Relevant utdanning frå fagskule eller høgskule
- Erfaring frå relevante fagfelt kan kompensere for formell utdanning
- Relevant erfaring
- God kjennskap til og interesse for bruk av digitale verktøy
- Førarkort klasse BPersonlege eigenskapar - Vilje og evne til å samarbeide med interne og eksterne partar
- Evne til å bruke din fagkunnskap både praktisk og teoretisk
- Vere positiv og samarbeid- og utviklingsorientert
- Kunne arbeide sjølvstendig og i teamVi tilbyr - utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- lønn etter avtaleKontaktinformasjon Karl Inge Vestre Hauge, Teamleiar team vegdrift Sunnmøre , 48185401,
Torgeir Bye, Seksjonsleder , 90737873,Arbeidsstad Julsundvegen 9
6412 MOLDENøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5002960272
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2025Kontaktpersoner for stillingenTorgeir ByeSeksjonsleder90737873Kopier telefonnummerKopier e-postadresseKarl Inge Vestre HaugeTeamleiar team vegdrift Sunnmøre48185401Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenBli med å utvikle regionen saman med oss!Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måteFylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.Lenke til --
(mrfylke.no)SektorOffentligNettsted

NAV