Konsulent reiseliv 100% - vikariat

KVINNHERAD KOMMUNE SEKTOR SAMFUNNSUTVIKLING

  • Rosendal, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Har du lyst til å jobbe med reiseliv og vera ansvarleg for turistinformasjon i Rosendal?
Vil du vera med og leggja til rette for at besøkjande og fastbuande i Kvinnherad skal få gode opplevingar på reise i kommunen?Vi har ledig eit vikariat ved Kvinnherad turistinformasjon med snarleg tiltreding og fram til 31.08.26. Stillinga er 100% på dagtid. Stillinga kan medføra behov for kvelds- og helgearbeid.Vi søkjer ein engasjert og aktiv person til reiselivsarbeid for kommunen medan vår reiselivsrådgjevar er ute i permisjon.Vi søkjer deg som har:Reiselivsutdanning og/eller utdanning innan administrasjon eller marknadsføring, men også andre kan søkja.Relevant arbeidserfaringSærs god skriftleg og munnleg framstillingsevneGjer deg godt forstått på engelskGod lokalkunnskapGode digitale ferdigheiterErfaring med publisering i trykte og digitale mediumFørarkort klasse BPersonlege eigenskaparPersonlege eigenskapar og samfunnsengasjement vil bli vektlagt ved tilsetjing:Utviklingsorientert og fleksibelLikar å arbeida med folkEvne til å arbeide sjølvstendig og med god produktivitetGode samarbeidsevnerSentrale arbeidsoppgåver vil vera:Drift av turistinformasjonen i FolgefonnsenteretInformasjonsarbeid - nettsider, sosiale media m.m.Kontakt med reiselivsbedriftene og destinasjonsselskapSamarbeid med aktørane i FolgefonnsenteretAndre oppgåver i sektoren kan vera aktueltVi tilbyrTilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av .Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.Søknaden sender du elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenKaren Løvfall Våge+47 95824275 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenKvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.SektorOffentlig

KVINNHERAD KOMMUNE SEKTOR SAMFUNNSUTVIKLING

Lignende stillinger

  • Konsulent reiseliv 100% - vikariat

    Kvinnherad kommune

    • Rosendal, Vestland
    Har du lyst til å jobbe med reiseliv og vera ansvarleg for turistinformasjon i Rosendal? Vil du vera med og leggja til rette for at besøkjande og fastbuande i Kvinnherad skal få g…
    • 6 dager siden
  • Helsefagarbeider 100 % vikariat

    • Rosendal, Vestland
    Vi søkjer ein helsefagrabedar snarast i 100 % vikariat frå september til 31.08.26. I Kvinnherad får du mykje meir enn ein jobb: Billig barnehageplass - berre 500 kr/mnd Grati…
    • 3 dager siden
  • Sjukepleiar 100 % vikariat

    KVINNHERAD KOMMUNE HELSETENESTER

    • Rosendal, Vestland
    Vi treng ein sjukepleiar i 100 % vikariat frå september til 31.08.2025. I Kvinnherad får du mykje meir enn ein jobb: Billig barnehageplass - berre 500 kr/mnd Gratis SFO Mang…
    • 3 dager siden