Ledige undervisingstillingar - Sogn Jord- og Hagebruksskule

Vestland fylkeskommune

  • Aurland, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 8 dager siden
Om stillingaSogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune - ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).NøkkelinformasjonSøknadsfrist:07.04.2024Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStad:AurlandStillingstittel:Ledige undervisingsstillingar ved Sogn- jord og hagebruksskuleStillingar:1Tilsetjingsform:FastWebcruiter-ID:4772431601Startdato:01.08.2024Sosial deling :ArbeidsoppgåverFrå 1. august 2024 har skulen ledige desse faglærarstillingar:20% stilling faglærar Norsk Yrkesfag Vg2
30% stilling faglærar Gardsdrift Vg3, forvaltning og drift Vg2, med hovudvekt på rekneskap og landbruksøkonomi
20% stilling faglærar Yrkesfagleg fordjuping Vg2 (foredling) og Naturbasert Næringsutvikling Vg3
15% stilling faglærar Yrkesfagleg fordjuping Vg2 (drift og vedlikehald)Ansvars- og arbeidsområde
- ansvar for undervisning for gjeldande fagområde
- aktiv deltaking i tverrfaglege team
- aktiv i utviklingsarbeid innan fagområdeKvalifikasjonar- godkjent pedagogisk og fagleg utdanning innan fagområdet
- relevant arbeidserfaring innafor fagområdet
- kunnskap og engasjement for økologisk landbrukPersonlege eigenskapar- interesse for unge menneske og deira faglege og personlege utvikling
- gode evner til å formidle kunnskap og organisere elevøvingar
- strukturert i planlegging, gjennomføring og refleksjon
- god kommunikasjonsevne og sterk samarbeidsvilje
- interesse for å dele kunnskap med kollegaer
- utviklingsorientert innafor eige fagområdeVi tilbyr- triveleg arbeidsmiljø
- fylkeskommunale løns- og tilsetjingsvilkårAdresse: Skulevegen 24, 5745 Aurland, NorgeKontaktinformasjonBørre SolbergrektorE-post: borre.solberg@vlfk.noOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Vestland fylkeskommune