Helsesjukepleiar migrasjonshelse

Gulen kommune

  • Gulen, Vestland
  • Kontrakt
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Helsesjukepleiar migrasjonshelseHelse og kultur og mangfaldOm stillingaGulen kommune lyser ut spanande prosjektstilling/mellombels stilling som helsesjukepleiar innan migrasjonshelse. Stillinga er knytt til eining helse, samt eining kultur og mangfald. Dette er ei 100% prosjektstilling/mellombels stilling med oppstart frå snarast/etter avtale, med varigheit eitt år fram. Moglegheit med forlenging i heile eller delar av stillinga etter endt periode.Stillinga er plassert under Gulen helsestasjon med base i Eivindvik. Gulen helsestasjon er samlokalisert med Gulen helsesenter som husar helsesjukepleiarar, legar, koordinator og helsesekretærar. Gulen helsestasjon har i tillegg to utekontor, samt skulehelseteneste ved alle fire skulane. Det er tre helsesjukepleiarar i fulle stillingar i tenesta i dag.Stillinga vil ha tverrfagleg samarbeid med fleire tenester i kommunen, der iblant Integreringstenesta, vaksenopplæringa, skule og barnehage.Sjekk ut denne annonsen og søk då vel!Arbeidsoppgåver
  • Vil vere retta mot flyktningar og familiegjenforeinte
  • Tett samarbeid med integreringstenesta
  • Helseundersøkingar/-kartlegging med oppfølgingsarbeid
  • Vaksinasjon
  • Førebyggjande helsearbeid individuelt og i gruppe
  • Psykososialt arbeid - sikre god integrering
  • Rådgjeving og rettleiing
  • Drive opplysingsarbeid og undervising
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Planlegge og organisere tiltak i samarbeid med andre faggrupper og etatar
  • Ordinære helsestasjonsoppgåver
  • Andre oppgåver kan kome til
Arbeidsoppgåver kan verte fordelt i tenesta etter kompetanse og behovKvalifikasjonar
  • Offentleg godkjent helsesjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Ynskjeleg med kunnskap og erfaring innan migrasjonhelse og helsestasjonsarbeid
  • Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbygging
  • Erfaring med bruk av tolk
  • Ynskjeleg med erfaring og interesse for foreldrerettleiing, til dømes ICDP
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar
  • Sertifikat klasse B
Personlege eigenskaparVi ynskjer at du:
  • Har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i tverrfaglege team, samstundes kan arbeide sjølvstendig
  • Har evne til fleksibilitet og til å kunne bidra til gode løysingar
  • Er engasjert, tydeleg og trygg
  • Er strukturert og løysingsorientert
  • Har evne til å skape tillit, jobbe med endring og vere nyskapande
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing
AnnaMe tilbyr
  • Spanande og varierte oppgåver i eit breidt og engasjert fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø. Høve til kreativitet og nytenking
  • Løn etter tariff
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Om ossGulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå for meir informasjon.

Gulen kommune