Rådgjevar/seniorrådgjevar - Offentlege anskaffingar/kontraktar
UNIVERSITETET I BERGEN ADMINISTRASJONEN
- Bergen, Vestland
- Fast
- Fulltid
Video:Om stillinga:Ved Økonomiavdelinga, Seksjon for innkjøp, er det ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar ved kontraktgruppa. Som rådgjevar for anskaffingar og kontraktar vil du få ei spanande rolle i eit kompetanseteam som både handsamar enkeltanskaffingar og rammeavtaler for heile universitetet.Seksjon for innkjøp har ei viktig rolle for at universitetet skal nå sine mål både kva gjeld fagleg og administrativ aktivitet, samt målsettinga om eit berekraftig universitet. Seksjon for innkjøp har ansvar for alle interne og eksterne forhold som gjeld innkjøp ved universitetet, og har tilsette med økonomisk, juridisk og teknisk bakgrunn med særleg kunnskap om anskaffingar. Seksjonen gir støtte og råd til universitetets fakultet, institutt, avdelingar og dotterselskap. Seksjonen arbeider tett med fagpersonar og andre bidragsytarar for å finne dei beste løysingane. Se vår anskaffingsstrategi for meir informasjon (https://www.uib.no/oka/77663/universitetets-anskaffelsesstrategi).UiB kjøper for ca. 1,9 milliard pr. år, og seksjon for innkjøp har 24 årsverk. Seksjonen er delt i to grupper; kontraktgruppa og bestilling til betaling (BtB) gruppa. Vi bruker digitale verktøy og malar, og arbeider kontinuerleg med forbetring av desse.Vi søker ein allsidig, kompetent og fleksibel medarbeidar som er interessert i innkjøp og offentlege anskaffingar som fag. Søkjaren bør også ha interesse for universitetets kjerneverksemd (forsking, undervisning og formidling) og god forståing for vår rolle som støttefunksjon.Kvifor velje oss?
Universitetet har ei stor bredde i innkjøpa. Hos oss får du difor moglegheita til å jobbe med mange ulike faglege utfordringar. Seksjon for innkjøp har ei nøkkelrolle i å gi solid støtte til den administrative og faglege verksemda, og du blir ein viktig del av dette. Vi har mange anskaffingar på engelsk, og på norsk kan du velje mellom å skrive bokmål og nynorsk.Arbeidsoppgåver:Som del av kontraktgruppa skal du sørge for og leie gjennomføring av offentlege anskaffingar på ein god og kostnadseffektiv måte innanfor regelverket:
- Gi støtte og råd ved større enkeltkjøp og rammeavtaler:
- Utforme invitasjonar og konkurransegrunnlag
- Evaluere tilbod og tildele kontraktar
- Forhandle kontraktar
- Administrere og følgje opp inngåtte kontraktar * Utarbeide leverandøranalyser og marknadsundersøkingar
- Leverandørutvikling
- Kontroll og tilsyn av rammeavtaler
- Informasjonsarbeid og medverking ved intern opplæring
- Høgare utdanning på masternivå, med økonomiske, juridiske eller tekniske fag i fagkrinsen. Tilsvarande kvalifikasjonar kan i spesielle tilfelle oppnåast gjennom lang og allsidig praksis i sakshandsaming saman med relevant etter- og vidareutdanning
- Erfaring frå gjennomføring av anskaffingar
- Kunnskap om eller kjennskap til regelverket for offentlege anskaffingar
- Erfaring frå kontraktarbeid og annan relevant praksis
- Erfaring med elektroniske konkurransegjennomføringsverktøy
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivt
- Evne til å ta initiativ og samarbeide
- Gode evner til skriftleg og munnleg formulering
- Gode kvalifikasjonar i engelsk både skriftleg og munnleg
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i et godt arbeidsmiljø/ Ei spanande, kompleks og utfordrande stilling i eit sterkt fagmiljø
- Opplæring
- Gode kollegaer som deler kunnskap
- Løn som rådgjevar (stillingskode 1434) i årsløn kr. kr 670.000 - 770.000 eller seniorrådgivar (kode 1364) i l årsløn kr. 750.000 - 850.000 avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade og gruppelivsforsikring
- Fleksibel arbeidstid
- Gode