Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin

Helse Møre og Romsdal

  • Ålesund, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 18 dager siden
Om stillingaEr du klar for nye utfordringar i 2024? Vil du jobbe i ei spanande utdanningsstilling hos oss ved Ålesund behandlingssenter, Helse Møre og Romsdal HF?
Vi søker ein lege med interesse og engasjement for rusfeltet som vil vere med på å vidareutvikle eit godt behandlingstilbod for pasientar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).Vi har ledig 100 % fast stilling for lege i spesialisering (LIS) ved Ålesund behandlingssenter frå d.d. Legar som ventar på LIS1 anbefalast også å søke, då det kan verte ledig vikariat om ein ikkje lukkast med å rekruttere til fast stilling. Startdato kan evt. avtalast.Avdeling for TSB Ålesund tilbyd tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Ålesund behandlingssenter inneheld 3 seksjonar: Poliklinikk, avrusning og korttids døgnbehandling. Avdelinga tilbyd avrusning, utreiiing og behandling til rusavhengige både gjennom individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar. Som LIS vil du kunne få godkjent heile spesialistutdanninga i rus- og avhengighetsmedisin hos oss.Du er velkomen som søkar!Attestar, vitnemål og eventuell annan relevant dokumentasjon må scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:02.05.2024Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStillingstittel:Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisinStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4797085174Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Utdanningsstilling i rus- og avhengighetsmedisin
  • Oppgåver knytta til avdelinga sin verksemd som vil variere ut frå den seksjon ein er tilsatt på(mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, behandlermøter m m)
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Deltaking i avdelinga si vaktordning
  • Undervisning
Kvalifikasjonar
  • Du må ha norsk autorisasjon som lege, samt godkjent LIS del 1 (evt. turnusteneste etter gamal ordning)
  • Legar uten LIS del 1 kan søke midlertidig stilling
  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Fagleg engasjement
  • Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting
Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.Adresse: Ålesund behandlingssenter, Vestmoa 27, 6018 Ålesund, NorgeKontaktinformasjonAase GrebstadKonst. SeksjonsleiarE-post: Aase.Grebstad@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå

Helse Møre og Romsdal

Lignende stillinger

  • Lege i spesialisering, fødselshjelp og kvinnesjukdomar

    Helse Møre og Romsdal

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vi har ledig 2 vikariat for lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar! Vikariata har oppstart frå snarast med 1 års vaigheit og mogelegheit for f…
    • 3 dager siden
  • Lege i spesialisering revmatologi

    Helse Møre og Romsdal

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Om stillinga Seksjon for revmatologi og hud ved Ålesund sjukehus har ledig to vikariat for lege i spesialisering i revmatologi! Dato for tilsetting kan avtalast nærmare. Ved in…
    • 11 dager siden