Vikar rådgivar kommunal planlegging

Møre og Romsdal fylkeskommune Se alle jobber

  • Molde, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 6 timer siden
Om stillingaØnskjer du å jobbe med planlegging, vere ein del av eit planfagleg miljø med fleire planleggarar og vere med å utvikle kommunane i Møre og Romsdal? Ved seksjon for plan har vi ledig eit 12 månaders vikariat i 100 % stilling som rådgivar i kommunal planlegging.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:27.04.2026Arbeidsgivar:Møre og Romsdal fylkeskommuneStad:MOLDEStillingstittel:Vikar rådgivar kommunal planleggingStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5106230966Startdato:11.05.2026Sluttdato:31.05.2027Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Samordne innspela frå dei ulike ansvarsområda i fylkeskommunen i eit felles brev med ei tilråding
  • Gjennom ordninga med plansamordning arbeider rådgivaren tett med andre avdelingar i
fylkeskommunen * Ha dialog med kommunane om konkrete saker, svare på spørsmål og delta på synfaringar hoskommunane i fylket ved behov * Skrive saksframlegg til fylkesutval i saker der fylkeskommunen reiser motsegn
  • Delta i utviklingsarbeid i fylket der plankompetanse er etterspurt
  • Oppgåvene kan tilpassast noko etter kompetansen til den som får vikariatet
Høve til rask tilsetting vil bli vektlagt.Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning på bachelor eller masternivå innan arealplanlegging eller samfunnsplanlegging. Også annan utdanningsbakgrunn kan vere aktuelt dersom ein har erfaring frå arbeid med planlegging
  • God kjennskap til plan og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter og anna relevant lovverk
  • Gode digitale ferdigheiter
  • God forståing av skilje mellom politikk og administrasjon
  • Det er ein fordel å ha kunnskap om kommunane i Møre og Romsdal
Personlege eigenskapar
  • Er positiv, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
  • Kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg
  • Er ansvarleg, strukturert og arbeider målretta
  • Er samfunnsinteressert
Vi tilbyr
  • Eit tverrfagleg og utviklande arbeidsmiljø
  • Interessante og kompetansegivande oppgåver, som m.a. gir god innsikt i ulike samfunnsområde og det politiske systemet
  • God tilgang til faglege nettverk
  • Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på vekst og fagleg utvikling av leiarar og medarbeidarar
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løn etter avtale
Adresse: Julsundvegen 9, 6412 MOLDE, NorgeKontaktinformasjonIngunn Bekken SjåholmFylkesplansjefOm arbeidsgivarenBli med å utvikle regionen saman med oss!Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Møre og Romsdal fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Vikar rådgivar kommunal planlegging

    • Molde, Møre og Romsdal
    Ønskjer du å jobbe med planlegging, vere ein del av eit planfagleg miljø med fleire planleggarar og vere med å utvikle kommunane i Møre og Romsdal? Ved seksjon for plan har vi ledi…
    • 14 timer siden