Arbeidsoppgåver- Personalansvar for dei tilsette i avdelinga.- Leiaransvar for elevane i avdelinga gjennom oppfølging av trivsel, læringsmiljø og faglege resultat.- Leiaransvar for kvalitet og utvikling av det faglege og pedagogiske innhaldet ved avdelinga i tråd med skulen sitt fokus på profesjonsutvikling og skuleutvikling.- Leiaransvar for oppfølginga av den økonomiske drifta av avdelinga innanfor tildelt budsjett.- Tildelte sektoroppgåver.Kvalifikasjonar- Fagutdanning som gjev undervisningskompetanse innanfor programfag på eit, eller begge, dei aktuelle utdanningsprogramma.- Pedagogisk utdanning.- Undervisningserfaring, gjerne frå vidareågande skule.- Relevant leiarerfaring, gjerne frå vidaregåande skule.- Gode IKT- ferdigheiter.Personlege eigenskapar- Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.- Personlege eigenskapar som evne til samarbeid, samskaping og dialog vil bli vektlagt- God skriftleg og munnleg framstillingsevneVi tilbyr- løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk- gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar- gode moglegheiter for utvikling og læring i eit samskapande arbeidsmiljøTilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.Stillinga har seks månader prøvetid. Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.Adresse: Naustdalsvegen 12, 6800 Førde, NorgeKontaktinformasjonMats BrynerektorOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.