Lege i spesialisering-LIS2 - kirurgi og ortopedi

Helse Møre og Romsdal

  • Volda, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 21 dager siden
Om stillingaVolda sjukehus er eit veldreve lokalsjukehus med full akutt- og traumefunksjon. Kirurgisk avdeling har spesialistar innan generell- og gastrokirurgi samt urologi. Som LIS2 går du i eit felles 6-delt vaktsjikt med LIS2 i ortopedi, med ansvar for både generellkirurgiske og ortopediske pasientar. Dette gir deg ei variert kirurgisk grunnopplæring og eit godt fundament for vidare spesialiseringVi har ledige vikariat frå snarast og inntil eitt år med mogleg forlenging.Du finn Volda midt i det beste Noreg kan tilby av fjord og fjell. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: - og her:Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:12.05.2024Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStad:VoldaStillingstittel:Lege i spesialisering kirurgi/ortopediStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikariatStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4796575197Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Deltaking i vaktarbeid, sengepost, dagkirurgi, poliklinikk og operasjon
  • Felles 6-delt vakt mellom LIS2 kirurgi og ortopedi
Kvalifikasjonar
  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend LIS1
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert og engasjert
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt miljø
Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Adresse: Kløvertunvegen 1, 6103 VoldaKontaktinformasjonOlav Skjærpe BrattliSeksjonsleiar kirurgiske legarJuha Tuomas HietanenSeksjonsleiar ortopediske legarOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå

Helse Møre og Romsdal

Lignende stillinger

  • Lege i spesialisering (LIS2/3)

    Helse Møre og Romsdal

    • Volda, Møre og Romsdal
    Om stillinga Medisinske legar er organisert i Klinikk Volda, og vi har 10 stillingar for overlege, 10 stillingar for LIS2/3 og 8 stillingar for LIS1. Vi er ein indremedisinsk se…
    • 13 dager siden