Har du lyst til å jobbe hos oss som sekretær/helsesekretær?

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

  • Haugesund, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 timer siden
Velkomen som søkjar til eit triveleg arbeidsmiljø og spennande arbeidsplass.Ved Kar/thorax poliklinikk utreder vi pasienter med ulike karsykdommer og generell kirurgi m.m. Her møter du legar, sjukepleiarar og helsesekretærar.Vi er (fram til nytt sjukehusbygg står ferdig i 2027/28) samlokalisert med andre kirurgiske poliklinikkar(orto, uro og gastro) som gjer at vi har eit stort og sosialt arbeidsmiljø, og eit godt samarbeidsmiljø mellom dei ulike fagfelta.Kva går jobben ut på?
  • Skrankefunksjon felles kirurgisk poliklinikk
  • Betjene telefon
  • Pasientadministrative oppgåver
  • Rettelister/rapporter
  • Bestille pasientreise/ambulanse/tolkebestillinger
  • Innhente prøvesvar/undersøkjingar frå andre sjukehus
  • Svare på dialogmeldingar
  • Førefallende oppgåver
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Helsesekretær/sekretær
  • Må beherske norsk skriftlig og munnleg
  • Relevant sjukehuserfaring er ein fordel
  • Gode datakunnskapar
  • Søkjarar må være fylt 18 år
Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:
  • er engasjert og serviceinnstilt
  • likar å lære og er tilpasningsdyktig
  • er strukturert
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er sjølvstendig og initiativrik
Vi tilbyr
  • Trivelig arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Kontaktinformasjon Anne Ringe, AvdelingsleiarArbeidsstad Karmsundgata 120
5528 HaugesundNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5010785527
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.09.2025Kontaktperson for stillingenAnne RingeAvdelingsleiarOm bedriftenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .SektorOffentlig

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS