Tilkallingsvikar skuleåret 2025/2026 Langevåg skule og SFO

Sula kommune

  • Langevåg, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 3 dager siden
Om stillingaLangevåg skule søker tilkallingsvikarar for skuleåret 25/26. Oppstart snarast.Skulen har om lag 480 elevar frå 1.-7. trinn og SFO og er samlokalisert med kulturskulen.
Vi har eit flott uteområde og nærleik til flotte naturområde med både fjell, vatn og turstiar.Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:01.04.2026Arbeidsgivar:Sula kommuneStad:LangevågStillingstittel:Tilkallingsvikar skuleåret 2025/2026 Langevåg skule og SFOStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5010664919Startdato:08.09.2025Sluttdato:31.07.2026Sosial deling :ArbeidsoppgåverLangevåg skule og skulefritidsordning har behov for tilkallingsvikarar for lærarar og assistentar.KvalifikasjonarDet er ønskjeleg med arbeidserfaring frå skule eller SFO, og ein fordel om med pedagogisk utdanning/fagbrev.
Gyldig politiattest må leggast fram.Personlege eigenskaparVi legg vekt på at ein er positiv og fleksibel, kan samarbeide og har evne til å byggje relasjonar til elevane, føresette, kollegaer og leiinga.
Det er ein fordel om ein har erfaring frå bruk av IKT-verkty.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Skulen nyttar nynorsk som målform.Vi tilbyrLøn etter gjeldande avtalar.Adresse: Bratthaugmyra 39, 6030 Langevåg, NorgeKontaktinformasjonOle Martin TonheimRektorHarald WeibustUndervisningsinspektørOm arbeidsgivarenSula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.

Sula kommune