Helsefagarbeidar

Stad kommune

  • Nordfjordeid, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 11 dager siden
Om stillingaEr du helsefagarbeidar og på utkikk etter nye utfordringar ? Sjå her!Vi søkjer helsefagarbeidar som jobbar godt sjølvstendig, samt i team.Stad kommune har ledig 2 stk 100 % fast stilling som helsefagarbeidar med tenestestad Nordfjordeid. Stillingane inkluderar 20% frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til planlegging av arbeidstid. Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3.helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon. Det kan bli ledig fleire stillingar.Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og yt tenestar til heimebuande i heile kommunen. Vi yt mellom anna praktisk bistand, helsehjelp i heimen og lindrande behandling. Som tilsett vil du arbeide tverrfagleg saman med andre tenester for å gje eit best mogleg fagleg tilbod.Som tilsett i heimetenesta vil du få ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår og vi treng deg som har budd ute ei stund og som ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Vi ønskjer deg med på laget!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:08.05.2024Arbeidsgivar:Stad kommuneStad:NordfjordeidStillingstittel:Helsefagarbeidarstillingar i Heimetenesta avd. NordfjordeidStillingar:2Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4788954479Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Oppfølging og dokumentasjon av tenesteytinga i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinje
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Praktisk bistand
  • Samarbeid med pårørande
  • Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre
Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart.Kvalifikasjonar
  • Vi søkjer primært etter offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, men ufaglærte med relevant erfaring kan gjerne søkje med forbehold om å gjennomføre fagbrev
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl B.
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og godt i team
  • Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.Stad kommune har 6 månader prøvetid.Adresse: Fossevegen 10, 6770 Nordfjordeid, NorgeKontaktinformasjonTove-Lill HjertenesAvdelingsleiar heimetenesta NordfjordeidAnne Dybedal BerteigAvdelingsleiar heimtenesta NordfjordeidIngrid HjelmelandAssisterande einingsleiar heimetenestaOm arbeidsgivarenStad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

Stad kommune