Avdelingsleiar
RUBBESTADNESET SKULE
- Rubbestadneset, Vestland
- Fast
- Fulltid
- Pedagogisk utviklingsarbeid og oppfylging av læringsarbeid.
- Følgje opp elevsaker og sosialpedagogiske saker.
- Fellesadministrative oppgåver med vikaransvar.
- Personaladministrative oppgåver med personalansvar.
- Godkjent undervisningskompetanse og undervisningserfaring.
- Kunnskap om Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.
- Erfaring med og evne til å leie endringsprosessar.
- God IKT-kompetanse.
- Skuleleiarerfaring og/eller leiarutdanning.
- Du er god på kommunikasjon og samarbeid.
- Du er entusiastisk, kreativ og motiverande.
- Du skaper gode relasjonar til elevar, føresette og tilsette.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Løn etter avtale og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i kommunal velferdsklubb.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvalifiserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vera særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
- Etter opplæringslova § 10-9 vert det stilt krav til godkjend politiattest før tiltreding i stillinga.
5420 RubbestadnesetNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5010812287
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 21.09.2025Kontaktperson for stillingenTone O. BaugstøRektor990 34 994Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenBerekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt. Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.SektorOffentligNettsted