Den spanande jobben som rektor på Flekke skule er no ledig

Fjaler kommune

  • Fjaler, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 21 dager siden
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som rektor på Flekke skule frå snarast. Vår noverande rektor skal gå av med AFP og vi ventar no på deg som vil leie oss og elevane våre i kvardagen. På Flekke skule møter du tilsette som har elevane i fokus. I tilsettgruppa er det god spreiing i alder, kjønnsfordeling og vi er alle innstilt på å ta godt i mot den nye rektoren vår.I rektorstillinga vil du vere ein del av leiargruppa til kommunalsjef for oppvekst. Det vert lagt vekt på at leiargruppa kan nytte kvarandre til støtte i leiarjobben. Du vil få rettleiing i personal- og driftsoppgåver og mogelegheit for fagleg utvikling i form av etterutdanning og/eller vidareutdanning.Flekke skule er ein barneskule med omlag 40 elevar. Skulen ligg i vakre omgjevnader med akkurat passe avstand til alt, både til kommunesenteret Dale og til Førde. I skulebygget ligg også barnehage. Samarbeidet med barnehagen er godt og for barnehageborna skapar dette tryggleik i overgangen til skule.Elevane våre kjenner vi godt. Dei vert sett- og møtt kvar dag av trygge-, kjende vaksne.ArbeidsoppgåverDu vil få overordna- og totalansvar for dagleg drift av skulen med leiing av personale, fagleg pedagogisk overordna ansvar for elevane sin trivsel og læring samt administrativt/økonomisk ansvar. Noko undervisning kan og påreknast.Kvalifikasjonar og eigenskaparFor å fylle rektorrolla må du ha pedagogisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Du må også vere stø i pedagogisk kunnskap om elevane sitt læringsmiljø, profesjonsfellesskap og samarbeid. Du må ha kunnskap om- og erfaring frå arbeid i grunnskulen.Det er også ønskjeleg at du har kunnskap og erfaring med styring og administrasjon, utvikling og endring, samt kunne syne tryggleik i leiarrolla.Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga. Den vi ser etter er tydeleg, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil.Særskilde kravKrav om politiattest, jfr. Opplæringslova §10-9. Attesten skal synast før oppstart i stilling. Du må også kunne råde over norsk språk, både munnleg og skriftleg.Vi tilbyrVi løner etter gjeldande lov og avtaleverk og vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar. Du vil få tett oppfølging i oppstarten av stillinga.Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.Søk herDel på:Fylke:
  • Vestland
Jobbtype:FastHeiltid/Deltid:HeiltidArbeidstid:DagSøknadsfrist:07.09.2025Tiltreding:Etter avtaleArbeidsstad:Flekke skuleKontaktpersonar:Kjell Roger Stientlf:mob:Heimeside:Adresse:Hauglandsvegen 50 6968 FlekkeKart:Fjaler kommune Flekke skule og barnehageFlekke skule er ein barneskule med omlag 40 elevar og dekker bygdene Flekke, Guddal og Straumsnes. I skulebygget ligg også Flekke barnehage.Skulen ligg i vakre omgjevnader i eit naturrikt område med gode føresetnader for friluftsliv. Aktivitetar kan knytast både til sjø, skog og fjell.

Fjaler kommune

Lignende stillinger

  • Undervisningsstilling Elektrofag

    FORDE VIDAREGAANDE SKULE

    • Førde, Vestland
    Førde vidaregåande skule har om lag 1000 elevar og 220 tilsette, og er den største vidaregåande skulen i Vestland Nord. Vi har fokus på profesjonsutvikling og skuleutvikling. Skule…
    • 6 timer siden
  • Apotekteknikar

    Sjukehusapoteka Vest

    • Førde, Vestland
    Om stillinga På sjukehusapoteket i Førde er vi ei fin blanding av apotekteknikarar, assistentar, farmasøytar og to sjukepleiarar. Hos oss får du rundt 30 trivelege og dyktige kol…
    • 23 timer siden