100% stilling for Vernepleiar eller sjukepleiar

Nordland fylkeskommune Se alle jobber

  • Alver, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 7 dager siden
100% stilling for Vernepleiar eller sjukepleiarBli ein trygg vaksen for born og få 50 000 i rekrutteringstilskot!Velkommen til Avlastningstenester for born og unge!I Avlastningtenester for born og unge har me no ledig to faste stillingar.Me søkjer deg som ynskjer å arbeide med avlastning for born og unge med samansette behov innan habilitering. I ei slik rolle får du vere ein trygg og støttande vaksen, og bidra til stabilitet og gode opplevingar i kvardagen – både for borna og familiane deira!Om stillinganeOm ossAlver kommune tilbyr avlastning for familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Barn og unge med psykiske eller fysiske funksjonsnedsetingar skal få eit trygt og tilrettelagt miljø med aktivitetar og omsorg. Avlastninga kan skje både i heim og på institusjon, og vert tilpasse individuelt etter behov og ønske frå familien.Kvasten avlastningsbustad er ein del av kommunens habiliteringstilbod. Det består av tre avdelingar på ulik lokasjon, i tillegg til privat avlastning.Vi har målsetting om å gje gode, forsvalige tenester gjennom fagleg dyktige medarbeidarar. Barna skal ha det så trygt som mulig slik at dei kan få gode opplevingar, oppleve meistring og læring.Tverrfaglig samarbeid er sentralt og vi er ei avdeling med engasjerte medarbeiderar med høg kompetanse som tek vare på kvarandre. Vi er eit team med variert fagkompetanse: fagarbeidar, assistent, pedagog, barnevernpedagog, vernepleiar og sjukepleiar.Tenestene i stillingane krev stabile og trygge vaksne som kan møte borna med forståing og ro. Målet er å gje både born og familiar eit pusterom i kvardagen - og bidra til betre livskvalitet for alle involverte.Arbeidsoppgåver
  • Å yte omsorg og støtte i daglege gjeremål og aktivitetar
  • Å utføre vedtak etter kapitel 9 i Helse- og omsorgstenestelova.
  • Å ha ansvar for legemiddelhandtering
  • Å bidra til tryggleik og stabilitet i relasjonar med borna
  • Å arbeide målretta med miljøterapeutiske tiltak
  • Å dokumentere og evaluere tiltak i tråd med faglege og juridiske krav
  • Å samarbeide tett med føresette, kollegaer og andre fagpersonar
  • Å bidra til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet
KompetanseKven er du?Du er ein fagleg trygg og engasjert vernepleiar eller sjukepleiar med gode evne til å møte born og unge med respekt, varme og struktur. Du har erfaring med å jobbe med menneske med funksjonsvariasjonar, tildels omfattande bistandsbehov og åtferd som utfordrar.Du trives i arbeid med barn og unge. Du må ha evne til å stå stødig i krevjande situasjonar og bidra til ro og tryggleik. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, fleksibel og som kan etablere gode relasjonar til tjenestemottakar, pårørande og kollegaer.Du er ein tydelig og trygg vaksen som kan møte personar i sårbare situasjonar med tyggleik og respekt.Me tilbyrMe er ein organisasjon i læring!Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.Me er AlverMe får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!PolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltredeOm HabiliteringstenestaHabiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.Om Alver kommuneHabiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Nordland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Fagansvarlig vernepleier/ sykepleier

    Askøy kommune

    • Askøy, Vestland
    Er du vernepleier/ sykepleier og ønsker å jobbe med personer med ulike utfordringer og styrker, i ett faglig sterkt og godt miljø, er dette plassen for deg. Ved Neset bofellesskap …
    • 6 dager siden
  • Vernepleier

    Askøy kommune

    • Askøy, Vestland
    Furulytunet er et bofelleskap som gir tjenester til personer med utviklingshemming, psykiske lidelser og adferdsutfordringer. Det er en stor avdeling med ca 39 årsverk. Vi ligger…
    • 7 dager siden