Sjukepleiar 100 % fast stilling

Voss herad Se alle jobber

  • Voss, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Voss sjukeheim er lokalisert under område vest, vegg i vegg med Voss sjukehus. Voss sjukeheim ligg sentrumsnært med gangavstand til Voss sentrum og tog-/busstasjon.
Område vest består av ei langtidsavdeling og ein kombinerande avdeling med heimeteneste og korttidsavdeling. Utlysinga gjeld for langtidsavdelinga på Voss Sjukeheim 3. og 4. etg. Turnus er to-delt med arbeid 3. kvar helg, evt 4. kvar helg i langvakter.
Tillitsmodellen ligg til grunn for vårt pasientarbeid. Me jobbar etter årsturnus som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar.Me tilbyr
  • stillingsprosent etter ynskje
  • rekrutteringstillegg på kr 30 000 for 100% stilling som sjukepleiar i turnus
  • tilrettelagt turnus
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjon
  • off.godkjent/autorisert sjukepleiar. Sjukepleiarstudentar og også velkomen til å søkja
Me ynskjer
  • ein god engasjert off.godkjent/autorisert sjukepleiarkollega til å jobbe ilag med eit fagleg dyktig og godt arbeidsteam i langtidsavdelinga
  • at du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse
  • at du innehar gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • at du er fleksibel og villig til å ta ansvar
  • at du kan delegere og administrere oppgåver og bidra til eit positivt, utviklande og spennande miljø.
  • at du er fagleg dyktig og du kan gjerne med relevant vidareutdanning
Personlege eigenskapar som vert vektlagtArbeidsoppgåver
  • sjukepleiaransvar både dag og kveld
  • pleie og omsorg til våre brukarar/pasientar
  • varierte sjukepleiarfaglege oppgåver
  • tett samarbeid med sjukeheimslege
  • medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
  • dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem
  • rettleiingsansvar for kollegaer, lærlingar, elevar og studentar
  • pådrivar for kompetanseheving og deltar aktivt i internundrevisingsopplegg
  • endringsarbeid for å utvikle og forbetre tenestene våre. Herunder vedtakspraksis.
  • arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen
  • arbeid med velferdteknologi
Ta gjerne kontakt på tlf for spørsmål om stillinga! Søknadar vert handtert fortløpande.Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Voss herad

Lignende stillinger

  • Sjukepleiar - fast stilling 80 - 100%

    ULVIK OMSORGSTUN

    • Ulvik, Vestland
    Vil du bidra til gode og trygge dagar for pasientane våre i Ulvik? Oppstart: etter avtale Søknadsfrist: 30.04.2026 Tilsetjingstilhøve: fast 80-100% Om stillinga På Ulvik Oms…
    • 20 dager siden