Lærar

FOLKESTAD SKULE

  • Vestfold og Telemark
  • Fast
  • Fulltid
  • 14 timer siden
Folkestad skule ligg i flotte omgjevnader ved Oterholt, det gamle handelssentrumet i Bø, og er ein skule med lange tradisjonar. Skulen stod ferdig i 1861 og har sidan vore grendeskule samanhengande, sett bort frå skuleåret 1945-46 da skulebygget måtte byggast opp igjen etter krigen. Skulen ligg på Oterholt som var handelsstad og sentrum i Bø.Skulen har rundt 112 elevar og 19 tilsette. Dei tilsette er stolte av ein skule med stort uteområde og nærleik til flott natur. Engasjerte foreldre og lærarar jobbar for å gjere Folkestad skule til ein trygg og god læringsstad. Uteområda i nærleiken blir nytta til faste dagar med uteskule og tverrfagleg arbeid. Vi har og ein flott skulehage.Vi har eit allsidig personalet, eit støttande og godt arbeidsmiljø som bidreg til positiv utvikling av skulen. Vi jobbar for å utvikle ein meir inkluderande praksis, fysisk, praktisk og aktiv læring, og gi elevane ei god grunnopplæring i lesing, skriving og rekning.Arbeidsoppgåver
  • Planlegge og gjennomføre undervisning og aktivitetar
  • Bidra til aktivitet og trygghet for elevane i friminutta
  • Kartlegge og følge opp elevane fagleg og sosialt
  • Delta på møter for føresette
  • Delta på personalmøter og planleggingsdagar
Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar
  • Godkjent lærarutdanning
  • Barnehagelærar med tilleggs utdanning for undervisning 1. - 4. trinn
  • Pedagogisk utdanning knytta til natur, friluftsliv i kombinasjon med fag
Særskilde krav * Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.Personlege eigenskapar
  • Fleksibel i kvardagen samstundes som ein kan arbeide strukturert
  • Ein kunnskapsbasert holdning til barns faglege og personlege utvikling
  • Påliteleg og stabil
  • Glad i barn
  • Evne å sette grenser med varme og respekt
  • Kreativ og nysgjerrig
Personlege eigenskapar vektleggast.Vi tilbyr
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Støttande og inkluderande kollegaer
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.Kontaktinformasjon Venke Raundalen, Rektor Folkestad skule, +47 92251459Arbeidsstad Eikavegen 61
3804 Bø i TelemarkNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5077131735
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 29.04.2026Kontaktperson for stillingenVenke RaundalenRektor Folkestad skule+47 92251459Kopier telefonnummerOm bedriftenMe ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.SektorOffentligNettsted

FOLKESTAD SKULE