Om stillingaVi har no ledig éi fast 100 % stilling som barnehagelærar/pedagogisk leiar, samt to 100 % årsvikariat som barnehagelærar for barnehageåret 2026/2027.Som barnehagelærar vil du vere ein del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen, i samarbeid med pedagogiske leiarar og øvrig personale. Du vil bidra til planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk arbeid i tråd med rammeplanen, og vere ein trygg vaksenperson for barna.Stillingane er knytte til barnehagane på Dale, Vaksdal og Stanghelle. Endeleg arbeidsstad og plassering vil bli avklart i god tid før oppstart av nytt barnehageår, i dialog med aktuelle søkarar og basert på behov i barnehagane.Vi håpar å høyre frå deg!Krav til kompetanse
Godkjend utdanning som barnehagelærar
Søkarar med anna relevant pedagogisk utdanning kan ved behov bli vurdert
Ønskeleg med erfaring frå barnehage
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
Du er ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Du tek del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
Du er stabil og påliteleg, og bidreg til eit trygt og godt tilbod for barna og arbeidsmiljøet.
Du må vera ein god samarbeidspartnar som skapar tillit og god dialog med tilsette, barn og foreldre.
Vi oppmodar menn til å søka.Personlege eigenskapar vert vektlagt. Godkjent politiattest og eigenerklæring om utanlandsopphald (tuberkulose) må leggast fram ved tilsetjing.Vaksdal kommune tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Individuell oppfølging
Gode moglegheitar for støtte til utdanning
Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Kontaktpersoner for stillingenKatrine IngvartsenStyrar Stanghelle barnehage+4799520479Kopier telefonnummerKopier e-postadresseLene Kristin RohdeStyrar Vaksdal barnehage+4792440203Kopier telefonnummerKopier e-postadresseKine WaldeStyrar+4795707376Kopier telefonnummerKopier e-postadresseGunn Elisabeth Melgård AaseEiningsleiar barnehage, kultur og inkludering+4741233585Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke din eigen arbeidskvardag.Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 19 i barnehagelova fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.Alle barnehagane i Vaksdal har gjennomført kompetanseprogrammet «Inkluderande barnehagemiljø». Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.SektorOffentligNettsted