Miljøterapeut

Bufetat Se alle jobber

  • Norge
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 9 dager siden
Om stillingaBergen Akuttsenter avdeling Toppe, søkjer etter fagleg kvalifisert miljøterapeut.
  • 8 månaders vikariat i 100 % stilling som miljøterapeut, med moglegheit for forlenging.
  • Alle i 100% stilling jobber for tida to-delt turnus med arbeid kvar tredje helg. Kvar sjette helg jobbar ein langvaktar.
Bergen Akuttsenter avdeling Toppe tek imot ungdom etter barnevernlova § 4-4. Avdelinga ivaretek akuttfunksjonen for ungdom i alderen 13-18 år i Vestland. Vi har 5+1 plassar på avdelingen.På institusjonen er kvardagen i avdelinga prega av hyppige nye inntak av ungdom som er i krise, og med store variasjonar i problematikk. Det kan vere bakgrunn, åtferd, psykisk fungering og omsorgsbehov. Det kan vere krav til å kartlegge fleire faktorar på kort tid, samt det å begynne arbeidet med å skape ei utvikling hjå ungdomen og deira familie.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:21.04.2026Arbeidsgivar:BufetatStad:MjølkeråenStillingstittel:MiljøterapeutStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5105786807Startdato:01.06.2026Sluttdato:31.01.2027Sosial deling :ArbeidsoppgaverArbeidskvardagen din vil bestå av:
  • Som hovudkontakt i 100% stilling vil du ha koordineringsansvar for ungdom på institusjonen, kartlegging og rapportskriving i samarbeid med fagkoordinator og leiing.
  • Miljøterapeutisk arbeid med ungdom med fokus på traumesensitiv tilnærming og krisehandtering.
  • Dagleg omsorg og oppfølging av ungdom.
  • Ta i mot nye ungdomar.
  • Dokumentasjonsansvar.
  • Praktiske oppgåver i avdelinga.
  • Kvardagen i avdelingane er prega av hyppige nye inntak av ungdom i krise med store variasjonar i problematikk. Det kan vere bakgrunn, åtferd, psykisk fungering og omsorgsbehov, krav til å kartlegge mange faktorar på kort tid, samt det å begynna arbeidet med å skape ei utvikling hjå ungdomen og deira familie.
Kvalifikasjoner
  • Du som søkjar må ha fullført minimum treårig relevant høgskuleutdanning, gjennomført bachelor eller tilsvarande 180 studiepoeng.
  • For tilsetting i stillingskode 1494, 1495 og 1508 krev vi fullført utdanning som sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar.
  • Søkere med dokumentert tre års erfaring fra barnevernsinstitusjon kan vurderast til stillingane.
  • Du har gode munnlege og skriftlege norskkunskapar.
  • Du har rettleingskompetanse.
  • Du har sertifikat klasse B.
Det er ønskeleg at du har:
  • erfaring frå arbeid med ungdom på institusjon
  • kjennskap til Lov om barnevern
  • kjennskap til traumebevisst omsorg
Personlige egenskaperKven ser vi etter?
  • Me treng fleksible, tydelege, reflekterte og trygge ansatte som tåler å stå i smerteuttrykk og tidvis høgt tempo.
  • Me ønskjer medarbeidarar med klare haldningar som vil framstå som gode rollemodellar for ungdomane.
  • Me legg vekt på personlege eigenskapar som å vere sjølvstendig, ansvarleg, påliteleg, åpen, samarbeidsvillig.
  • Me legg vekt på engasjement, initiativ og interesse for ungdomane.
  • For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
  • Hos oss får du først og fremst moglegheit til å vere ein trygg vaksen for barn og ungdom som treng det i ein vanskeleg livsfase.
  • Du får jobbe i eit hektisk og dynamisk miljø saman med erfarne, positive og engasjerte kolleger med høg fagkompetanse.
  • Me har eit godt arbeidsmiljø med god takhøgde, og me gler oss til å få fleire med på laget som kan bidra med nye idear og eigenskapar.
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 - 640 000 pr. år.
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 - 690 000 pr. år.
  • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 - 690 000 pr. år.
  • For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 - 530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 - 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 - 560 000.
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tjenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
I tillegg kan vi tilby:
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at me kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Opplysningar til deg som søker:
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Bergen akuttsenter avdeling Toppe.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jfr. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.For å bli vurdert som søkjar må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.Adresse: Skinflorbakkane 12, 5136 Mjølkeråen, NorgeKontaktinformasjonThore IngebrigtsenavdelingsleiarOm arbeidsgivarenBarne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Bufetat

Lignende stillinger

  • årig Miljøterapeut

    Oslo kommune

    • Oslo
    Om stillingen Velkommen som søker i bydel Nordstrand. Bydel Nordstrand | Seksjon Øst - Tilrettelagte tjenester og psykisk helse Ønsker du en jobb der fag, mestring og trivsel g…
    • 7 timer siden
  • Ledende miljøterapeut

    Oslo kommune

    • Vettre, Viken
    • kr 575.100-711.000 pr år
    Om stillingen Barn og unge skal oppleve et barnevern som er trygt, nyttig og samarbeidende sett fra barn og unge selv. Tangen omsorgshjem ligger i Leangbukta i Asker kommune, m…
    • 7 timer siden