Stipendiat i snøprosessar i fjellet
- Bergen, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Søkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning innan geofysikk, geofag eller atmosfærevitenskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører siste mastereksamen innan 01.01.2026. Det er eit krav for tilsetjing at mastergraden er oppnådd.
- Kandidaten må ha god kunnskap om kryosfæriske prosessar.
- Ferdigheiter i vitskapleg programmering og dataanalyse, til dømes i Python eller MATLAB, er eit krav.
- Erfaring med å køyre snømodellar og/eller jordsystemmodellar er eit krav.
- Erfaring med feltinstrumentering eller anna dokumentert erfaring med handtering av observasjonsdata er ein fordel.
- Erfaring frå deltaking i lengre feltarbeid eller laboratoriekampanjar er ein fordel.
- Erfaring med aktivitetar eller arbeid i kalde område er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og vise gode samarbeidsevner.
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk er påkravd.
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- g
- ei kort utgreiing om motivasjonen for å søkje stillinga (maks 1 side)
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.