Lærar i idrett og kroppsøving

SOTRA VIDAREGAANDE SKULE

  • Straume, Vestland
  • Midlertidlig
  • Deltid
  • 12 timer siden
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.Vi søkjer etter ein lærar i idrett og kroppsøving i 80% stilling for skuleåret 2026 / 2027. Stillingsprosenten kan bli auka.Arbeidsoppgåver
  • Undervisning i idrett og kroppsøving.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeid med elevar, kollegaer og skuleleiing.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære fagleg og sosialt.
  • Samarbeide med kollega om elevane si læring og utvikling.
Kvalifikasjonar
  • Undervisningskompetanse i idrett og kroppsøving, gjerne kombinert med andre fag som skulen tilbyr.
  • Pedagogisk utdanning.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Gode norsk-kunnskapar munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
  • Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du har stort engasjement for faget.
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr
  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
  • Ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
Ein må rekne med å få undervisning på alle skulestadene på Sotra vgs.KontaktinformasjonKari Lund Birkeland, avdelingsleiar, 95819943
Olav Lee, rektor , 93034370
Erik Henneli, Assisterende rektor, 95826077ArbeidsstadBranndalsmyra 61
5353 StraumeNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5113271244
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 30.04.2026Kontaktpersoner for stillingenErik HenneliAssisterende rektor95826077Kopier telefonnummerOlav Leerektor93034370Kopier telefonnummerKari Lund Birkelandavdelingsleiar95819943Kopier telefonnummerOm bedriftenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.SektorOffentlig

SOTRA VIDAREGAANDE SKULE