FERIEVIKARAR SOMMAREN 2024

Sula kommune

  • Langevåg, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 28 dager siden
Om stillingaVi har behov for ferievikarar frå starten av juni og ut august 2024.Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.Bu- og aktivitetstenesta er delt inn i fire avdelingar og omfattar:
  • Nymarkvegen,
  • Jetmundgarden
  • Geilneset 9 og 11
  • Molvær senter.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Jetmundgarden og eit tiltak i Nymarkvegen har turnusordning med utvida arbeidstid f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg. Dei andre avdelingane har turnsordningar med både langvakter og ordinære vakter.Oppgje i søknaden kva avdeling du ynskjer å arbeide i.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:19.05.2024Arbeidsgivar:Sula kommuneStad:Langevåg,Stillingstittel:Ferievikarar sommaren 2024Stillingar:40Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:SommarjobbStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4749446954Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Arbeidet består i personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål
  • Hjelpe tenestemottakarane til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid
  • Dagleg dokumentasjon og journalføring.
  • Du skal følgje rutinar, miljøreglar og handlingskjede som er satt opp.
  • Tilretteleggje og delta i bebuarane sine aktivitetar, både arbeid og fritid/ fysisk aktivitet.
Kvalifikasjonar
  • Vi har behov for vernepleiarar, vernepleiarstudentar, sjukepleiarar og sjukepleiarstudentar, personar med øvrig treårig helse- og sosialfaglege utdanningar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar,helsefagarbeidarar og assistentar.
  • Datakunnskap.
  • Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
  • Krav om førarkort klasse B.
  • Politiattest.
  • Oppgje referanse.
Personlege eigenskapar
  • Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med mennesker.
  • Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tåle stress.
  • Arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplanar og rutinar.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.Vi tilbyr
  • Eit positivt og engasjert fagmiljø.
  • Bonusordning med tilskot for arbeid utover fem veker.
  • Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn etter gjeldande tariff.
  • God opplæring
Adresse: Stadsnesvegen, 6030 Langevåg, NorgeKontaktinformasjonCamilla VeeEiningsleiarE-post: camilla.vee@sula.kommune.noCaroline Øien FiksdalAvdelingsleiar JetmundgardenE-post: caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.noCharlotte VikAvdelingsleiar GeilnesetE-post: charlotte.vik@sula.kommune.noMariann KaldholAvdelingsleiar Nymarkvegen og Molvær senterE-post: mariann.kaldhol@sula.kommune.noOm arbeidsgivarenSula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.

Sula kommune