Årsvikariat som universitetslektor i norsk/norskdidaktikk

Nord universitet

  • Nesna, Nordland Bodø, Nordland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Årsvikariat som universitetslektor i norsk/norskdidaktikkOm stillingaVed Nord universitet, Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag, er det ledig eit årsvikariat som universitetslektor i norsk/norskdidaktikk fra 1. august 2024.Stillinga er plassert på campus Nesna, men undervisning og rettleiing kan og leggjast til andre studiestader. Fagmiljøet ved Nord universitet er fordelt på fleire studiestadar, så samarbeid mellom vitskapleg tilsette ved fakultetet er viktig, uansett geografisk plassering.Den som blir tilsett, vil bli inkludert i eit forskingsfellesskap, alt etter fagleg interesse.Arbeidsoppgåver
  • Stillinga er i hovudsak tillagt undervisning, praksisoppfølging, rettleiing og evt. FoU-oppgåver på barnehagelærarutdanning og master i grunnskulelærarutdanning. Stillinga kan bli knytt til undervisning på bachelor- og masternivå i norskfaglege emne både innan språk- og litteraturdidaktikk.
  • Lærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forsking og utviklingsarbeid er sentrale ved fakultetet, difor er det viktig at den/dei som blir tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar.
  • Det ventast at den/dei som blir tilsett, bidreg i utviklinga av fagmiljøet i norsk ved fakultetet, saman med kollegaer.
KvalifikasjonskravTilsetjing som universitetslektor
  • For tilsetjing i stilling som universitetslektor krev vi relevant utdanning frå universitet eller høgskole, mastergrad eller tilsvarande innanfor relevant fagområde.
  • Søkjarar må dokumentere at dei har grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing.
Søkjarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse, vil påleggjast gjennomføring av utdanningsfaglig kompetanse av mindre omfang.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk.
Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå frå universitets- og høgskolesektoren
  • God evne til å involvera og engasjera studentane i undervisning
  • Gode pedagogiske kvalifikasjonar
  • Relevant yrkespraksis
  • God evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
  • Personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet
Vi tilbyrStillinga blir løna etter Statens regulativ, kode 1009 for universitetslektor. Løn etter avtale. Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • God låne-, forsikrings-, og pensjonsordning i
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass i stadig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag
Generell informasjonDen som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søke.Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.KontaktNærare opplysing om stillinga får ein ved å ta kontakt med:
  • Faggruppeleiar May Line R. Tverbakk, e-post:
tlf. 75 51 77 83 * Seksjonskoordinator Eirin Furre Moan, e-post:
, tlf. 75 51 77 73SøknadsprosessenSøkjarar vil bli vurderte av ein sakkunnig vurderingskomite. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.SøknadSøknad sendast elektronisk innan 05.05.2024Den elektroniske søknaden skal innehalde:
  • Søknadsbrev
  • Fullstendig curriculum vitae
  • Kopi av vitnemål og attestar
  • Utdanningsfaglig CV og refleksjonsnotat ihht utfyllande bestemmelsar for utdanningsfaglig kompetanse
  • Dokumentasjon på annan aktivitet som vurderast som relevant for stillinga, og som er ønskt teken med i vurderinga
  • Kontaktinformasjon til 2-3 referansepersonar
All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.Ref.nr. 30211320Nord universitetGjennom forsking, utdanning og samfunnsdeltaking, bidreg Nord universitet til å skape ei berekraftig framtid med utgangspunkt i vår geografiske lokalisering.I samarbeid med samfunns- og næringsliv i Nordland og Trøndelag, fremjer våre 11 500 studentar og 1 350 tilsette innovative løysningar og kunnskapsbasert praksis, lokalt og internasjonalt.Nord universitet har fire strategiske satsingsområde: blå og grøn vekst, berekraftig innovasjon og entreprenørskap, samfunnssikkerheit og helse, velferd og oppvekst.Fakultet for lærarutdanning, og kunst- og kulturfag utdannar framtidas lærarar frå barnehage til vidaregåande skole og innan idrett og estetiske fag.Kandidatane våre spelar ei sentral rolle i den kunnskapsbaserte utviklinga av samfunnet, både regionalt og nasjonalt. Vi skal bidra til å utvikle praksisfeltet vi utdannar for, så forskingstilnærminga vår er profesjonsretta og praksisnær. Fakultetet tilbyd doktorgrad (ph.d.) i profesjonsvitenskap. Fakultet for lærarutdanning, og kunst- og kulturfag har 3500 studentar, og 350 tilsette i Levanger, Bodø og på Nesna.Les meir: www.nord.no/flu.

Nord universitet

Lignende stillinger

  • 100% Fast stilling som faglærer i norsk og spansk/psykologi

    Nordland fylkeskommune

    • Sandnessjøen, Nordland
    Sandnessjøen videregående skole med ca 90 ansatte og ca 420 elever ligger på vakre Helgelandskysten i Alstahaug kommune. Vi tilbyr opplæring innen studiespesialisering, idrettsfag,…
    • 4 dager siden
  • Rektor Nesna skole

    Nesna kommune

    • Nesna, Nordland
    Rektor Nesna skole Er du vår nye rektor? Ledig stilling som rektor ved Nesna skole og voksenopplæring Nesna kommune er en utdanningskommune med rik skolehistorie, videregåend…
    • 25 dager siden