Psykologspesialist/psykolog

  • Rådal, Bergen
  • Fast
  • Fulltid
  • 14 dager siden
Vi har ledig 100% fast stilling for psykologspesialist i nevropsykologi frå 01.11.2025. Psykolog under spesialisering innan nevropsykologi vil også bli vurdert.Vi er ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar, og vi ønsker deg med for å bidra til utvikling av gode tenester. Du får eit variert arbeidsområde med faglege utfordringar. ReHabiliteringsklinikken utgreier og behandlar menneske med medfødte og erverva sjukdomar og skadar, for å fremme betre funksjonsnivå, meistring og livskvalitet.Hos oss samarbeider mange helseprofesjonar. Vi arbeider tverrfagleg med komplekse medisinske problemstillingar. Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering.AFMR er lokalisert på Nordås og gir spesialiserte tilbod til mennesker med komplekse og samansette behov for utgreiing, vurdering og rehabilitering i sjukehus. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Vi har regional funksjon for pasientar med alvorlege traumatiske hodeskader, og nasjonal funksjon for brannskaderehabilitering.Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering gir tilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, nevrologiske lidingar og skadar, kreft, brannskade, amputasjonar, funksjonelle nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel- og skjelettsplager m.a. Vi har for tida totalt 5 psykologar og 1 testtekniker.Klinikken er i ein spennande utviklingsfase med fleire pågåande og planlagde utviklings- og endringsprosessar, m.a. nybygg og samlokalisering på Nordås om nokre år.Arbeidsoppgåver
  • Spesialisert rehabilitering i team etter erverva skade eller sjukdom
  • Hjerneskaderehabilitering ved erverva hjerneskade hos vaksne
  • Kognitiv rehabilitering både i pasientens tidleg fase og i seinfase
  • Greie ut, diagnostisere og behandle pasientar
  • Tverrfagleg teamarbeid med pasientar kort tid etter erverva hjerneskade
  • Poliklinisk utgreiing og behandling av pasientar med kognitiv svikt
  • Meistringsorienterte samtalar
  • Rettleie pasientar og evt pårørande
  • Dele psykologfagleg kompetanse og rettleie medarbeidarar og eksterne samarbeidspartar
  • Psykoedukasjon, pasientoppfølging og dialog i grupper
  • Fagutviklingsarbeid, vere med å etablere og forbetre pasienttilbodet
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Psykologspesialist innan nevropsykologi
  • Psykolog under spesialisering innan nevropsykologi vil bli vurdert
  • Erfaring med og engasjement for hjerneskaderehabilitering
  • God på å skape trygge relasjonar både med pasientar, pårørande og alle samarbeidspartar
  • Fleksibilitet med tanke på arbeidsoppgåver
  • Motivert, nytenkande og løysingsorientert
  • Samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse
Personlege eigenskapar
  • Evne til å arbeide målretta
  • Vidareutvikle kompetansen din og bidra i utvikling og forsking
  • Bidra til brukarmedverknad og samvalg
  • Vere med å skape godt arbeidsmiljø
  • Handtere krevande og akutte situasjonar
  • Kunne arbeide med langsiktige planar og løysingar
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og i tverrfaglege team
  • Personleg egnethet blir vektlagt
Vi tilbyr
  • Eit spennande tverrfagleg arbeidsmiljø, høg kvalitet og fokus på kontinuerleg forbetring
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Kontaktinformasjon Herborg Tegle, Seksjonsleiar, 46894607Arbeidsstad Nordåsgrenda 4
5235 RådalNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4999164086
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.09.2025Kontaktperson for stillingenHerborg TegleSeksjonsleiar46894607Kopier telefonnummerOm bedriftenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.SektorOffentligNettsted

NAV

Lignende stillinger

  • Psykologspesialist/psykolog

    Helse Bergen

    • Rådal, Bergen
    Om stillinga Vi har ledig 100% fast stilling for psykologspesialist i nevropsykologi frå 01.11.2025. Psykolog under spesialisering innan nevropsykologi vil også bli vurdert. Vi…
    • 14 dager siden
  • Psykolog/psykologspesialist

    Bergen kommune

    • Bergen, Vestland
    Arbeidsoppgaver Lavterskeltilbud innen helsestasjonstjenesten og svangerskapsomsorg Helsefremmende og forebyggende arbeid individuelt og i grupper Tverrfaglig samarbeid med og…
    • 6 dager siden
  • Psykologspesialist ved Øyane DPS

    Helse Bergen

    • Straume, Vestland
    Om stillinga Øyane diskriktspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Vår poliklinikk er i kontinuerleg utvikling og vi søker etter psyko…
    • 15 dager siden