
Lærar innan Bygg og anleggsfaga
- Vestland
- Fast
- Fulltid
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.Fagskulen Vestland, studiestad Nordnes, treng lærar innan bygg og anleggsfag. Bygg og anleggsutdanninga er ei utdanning med lange tradisjonar og er særs populær blant studentar med fag og sveinebrev innan dei ulike byggfaga. Avdelinga har eit utviklings orienter og triveleg arbeidsmiljø. Studia er både heiltid og nettbasert med samlingar og går over 2 til 3 skuleår. Utdanninga er i hovudsak lokalisert til Bergen og Nordnes, men stillinga vil også krevje at ein underviser enkelte dagar på Voss ved anleggslinja. Til saman er det over 400 studentar ved utdanningane og 25 tilsette.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:21.09.2025Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStillingstittel:Lærar innan Bygg og anleggsfagaStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5011002838Sosial deling :ArbeidsoppgåverBygg og anleggsutdanninga støttar seg på problembasert læring og arbeid med prosjekt. Så langt som mogeleg speglar vi prosjektretta arbeid i byggebransjen. Vi har ein brei samansett lærarprofesjon med lærarar som har lang praktisk erfaring frå bransjane eller lærarar med sivilingeniør utdanning og gjerne også erfaring frå bransjane. Vi jaktar deg med både sterk fagleg kompetanse, men som også er god på relasjoner og leiing av byggeprosesser. Houvedtyngda av arbeidet ditt vil vere retta mot studentane og bidra til at dei som kjem til oss vert gode prosjektleiarar og mellomleiarar.
- Undervise og rettleie fagskulestudentar
- Utvikle gode undervisningsopplegg og bidra i tverrfaglege prosjekt saman med dei andre faglærarane. Særskilt innan berekningsfag, konstruksjonslære, stål og betongkonstruksjonar.
- Utvikle gode arbeidskrav til studentane og vurdering av desse
- Halde deg oppdatert mot næringa og gjeldande forskrifter og standardar innan bygge og anleggsbransjen
- Sivilingeniør, ingeniør eller fagskuleingeniør innan bygg og anleggsfag
- Gode kommunikasjonsevner
- Pedagogisk utdanning er ynskjeleg, men ikkje et krav. Det vert lagt til rette for å ta pedagogisk utdanning ved sidan av stillinga.
- Du liker tanken på å vere lærar på fagskulen for ein gjeng med vaksne studentar med fagbrev og allsidig praksis.
- Du har eit ønske om å formidle kunnskap, og å utvikle deg fagleg saman med dyktige kollegaer og studentar.
- Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
- Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
- Du er opteken av faga si eigenart og verdien av praktiske yrker.
- Du ønsker å bidra til eit positivt arbeids- og læringsmiljø.
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
- Gode høve til eiga læring og utvikling.
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.