JURIST MED DELT ANSVAR FOR BERGEN-ND SENTER OG ÅLESUND FENGSEL
KRIMINALOMSORGEN REGION VEST AVD ADMINISTRASJON
Bergen, Vestland
kr 740.000-800.000 pr år
Fast
Fulltid
17 dager siden
Om stillingaVi søker ein fagleg sterk og engasjert jurist til ei spanande og variert stilling med delt ansvar mellom Bergen ND-senter og Ålesund fengsel. Arbeidsstaden vil være ved Bergen ND-senter, Allehelgens gate 2. Det må påreknast noko reiseverksemd til Ålesund.Stillinga gir ein unik moglegheit til å arbeide i skjæringspunktet mellom strafferett, rehabilitering og forvaltningsrett, med eit særlig fokus på tverrfagleg samarbeid og oppfølging av domfelte/innsette. Du som søker denne stillinga må like å jobbe med mennesker i sårbare situasjonar. Stillinga inneber mykje kontakt med domfelte/innsette.Arbeidsoppgåver og ansvarsområde
Ved Bergen ND-senter:
Forberede saker til og representere Kriminalomsorga i ulike rettsmøter; mellom anna startmøter, statusmøter, faseovergangar, omgjeringssaker og ankebehandling.
Juridisk saksbehandling og rettleiing.
Pårekne å vitne i straffesaker.
Noko opplæring-, rådgivning- og informasjonsverksemd.
Deltaking i ND-senteret sine andre oppgåver og drift, mellom anna bistand i arbeidet med personundersøkingar og samtalar/kontrolloppgåver med domfelte.
Ved Ålesund fengsel:
Behandling av saker etter straffegjennomføringslova.
Vurdering av permisjonar, prøvelauslating og andre rettigheiter.
Klagebehandling og saksførebuing.
Sikre forsvarleg og korrekt saksbehandling i tråd med gjeldande regelverk.
Dialog med innsette, pårørande og samarbeidspartnarar
Juridisk rettleiing.
Den som vert tilsett må rekne endringar i ansvars- og arbeidsområde.Utdanning og erfaring Du må ha
Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
Minimum 3 års relevant erfaring
God muntleg og skriftleg fremstillingsevne på norskDet er ønskeleg at du har
Erfaring fra offentlig forvaltning
Erfaring fra kriminalomsorga eller straffesakskjeden
God kunnskap og erfaring i bruk av IKT - systemer og/eller kjennskap til kriminalomsorga IKT systemer og verktøy
Erfaring med å førebu, samt føre saker for retten
Erfaring frå arbeid med personar med rusavhengigheit eller sammensette problem vil bli vektlagt
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
Du har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe i tverrfaglege team
Du har god evne til å jobbe sjølvstendig og systematisk
Du har god orden og oversikt over sak og fristar
Du er fleksibel
Vi tilbyr:
Meningsfulle oppgåver i en etat med eit viktig samfunnsoppdrag
Gode pensjons, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse
Gode kontorfasilitetar midt i Bergen sentrum
Mogligheit for trening i arbeidstida
Eige cellekontor
God kantineordning
Fleksibel arbeidstid med moligheit for heimekontor
Stillingen vert lønna som rådgivar frå kr. 740.000 - 800.000 pr. år, avhengig av kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse
Generell informasjon:Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei endå betre oppgåveløysing.Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju.Kjenner du deg igjen i ein av disse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkerportalen vår. Du kan lese meor om krava for å bli vurdert somVi gjør merksam på at det må ikkje være noko å utsette på vandelen til den som vert tilsett. Dette må den som vert tilsett dokumentere med uttømande politiattest før tilsetting.Etter søknadsfristens utløp, vil det verte utarbeid offentleg søkarliste. Ber du om å bli unnateken frå denne lista, må det grunngivast i søknadsportalen, og du vil få ei tilbakemelding på dette. Dersom ønsket ikkje kan imøtekommast, vil du få moglegheit til å trekke søknaden.Den som vert tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemt om arbeidsområdet.Ta gjerne kontakt med Vibeke N. Dieseth, leiar ved senteret, på telefon 90 99 62 65 og Didrik Gulbrandsen, fungerande leiar ved Ålesund fengsel, på tlf. 70118340, dersom du ønsker fleire opplysningar om stillingen.Søknad og CV sendes elektronisk via linken "Søk stillingen" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attester må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål fra Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga.For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktes på 75 54 22 20.På innsiden av den norske utsidenI filmen får du et innblikk i vår arbeidshverdag. Du får se hvordan vi jobber for en straff som endrer. Video:Om bedriftenKriminalomsorgas samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er betryggande for samfunnet og som motverkar straffbare handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velge å leve eit kriminalitetsfritt liv. Vår visjon er «Straff som endrer» og våre verdier er: trygghet, åpenhet og nytenking som er førende for vår atferd og som organisasjon. Les mer om Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Kriminalomsorgas høgskole og utdanningssenter (KRUS) og fem regionar med cirka 60 lokale fengsler og friomsorgskontor.Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll.Region vest har ca. 500 tilsette i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligger i Bergen.Betinga dom på vilkår av gjennomføring av Narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) er eit alternativ til fengsel for rusavhengige som vert dømt for kriminalitet knytt til rusavhengigheit. Målsetjinga er å førebyggje ny kriminalitet, fremje domfelte si rehabilitering, samt styrkje og samordne dei praktiske hjelpe- og behandlingstilboda. Ordninga er eit forpliktande samarbeid mellom ulike etatar, og ND-teamet er tverretatleg og tverrfagleg samansett. ND-teamet har sin arbeidsplass på ND-senteret i Rosenkrantzgate 3. ND-teamet i Bergen har ansvar for straffegjennomføring av ND-dommar i heile Hordaland.Ålesund fengsel er eit høgrisikofengsel med plass til 27 domfelte. Det ligg sentralt i sentrum av Ålesund. Du kan lese meir om fengselet her: https://www.kriminalomsorgen.no/aalesund-fengsel.5056879-237612.htmlSektorOffentlig