Vikariat som fagbioingeniør med nestleiarfunksjon ved Hormonlaboratoriet
Helse Bergen HF, Laboratorieklinikken
Bergen, Vestland
Midlertidlig
Fulltid
20 dager siden
Om stillingaAvdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 360 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og seksjon for klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest og RELIS og SoReg.Vi utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, og har moderne analyseinstrument. I tillegg til ei omfattande rutinedrift som inneber døgnkontinuerleg vaktordning blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.På Hormonlaboratoriet er vi om lag 30 medarbeidarar fordelt på bioingeniørar, metodeutviklarar, kjemiingeniør og legar. Vi har både automatiserte immunologiske metodar, manuelle benkemetodar og LC-MS/MS-metodar. Vi har robotar frå Hamilton og Tecan og LC-MS/MS-instrument frå Sciex, Waters og Matriks. Vi held til i åttande etasje i Laboratoriebygget i lyse og trivelege lokale.Vi søker etter ein engasjert og motivert medarbeidar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver.Frå 31.08.2026 til 25.04.2027 er det ledig eit vikariat som fagbioingeniør med nestleiarfunksjon ved Hormonlaboratoriet, med moglegheit for forlenging. Fagstillinga er knytta til fagfeltet LC-MS/MS.Nestleiarfunksjonen kan også søkast på av andre fagbioingeniørar ved seksjonen.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:26.04.2026Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStillingstittel:Vikariat som fagbioingeniør med nestleiarfunksjonStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikariatStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5102135316Startdato:31.08.2026Sluttdato:25.04.2027Sosial deling :Arbeidsoppgåver
Delta i driftsoppgåver ved Hormonlaboratoriet samt blodprøvetaking og poliklinikk
Fagansvar for fire analysemetodar: Vitamin A og E i serum, 5HIAA i serum, Vitamin K1 i serum og forskningsanalysene Vitamin D3 og D2 i serum
Fagansvar for ekspedisjonen
Delta ved innføring av nye metodar og ved metodevalidering, og må kunne utføre feilsøking som ligg innanfor ansvarsområdet til fagstillinga
Dagleg oppfølging av robot og LC-MS/MS-instrument og utvida vedlikehald av desse
Ivareta utforming og oppdatering av prosedyrar
Utføre kvalitetsarbeid og bidra til utvikling av kvalitetsarbeidet ved seksjonen
Opplæring og rettleiing av medarbeidarar i aktuelle analysemetodar. Rettleiing av studentar kan og førekome
Delta i undervisning ved behov når dette er avtalt
Må halde deg fagleg oppdatert innan ditt fagspesifikke område
Nestleiarfunksjon
Andre oppgåver kan tilkome
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som bioingeniør med relevant bakgrunn om minst 2 års praksis etter endt utdanning
Det er ein fordel med relevant LC-MS/MS-erfaring.
For nestleiarfunksjonen er det ønskjeleg med 3 års erfaring frå arbeid i laboratorium
Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Løysingsorientert, nøyaktig og strukturert
Fleksibel og endringsvillig
Ansvarsbevisst og samarbeidsvillig
Kan jobbe på sjølvstendig grunnlag og effektivt organisere eigen arbeidsdag
Kan arbeide systematisk i stressande situasjonar
Interesse for utvikling og kvalitet
Engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
Personleg egnethet vektlegges
Vi tilbyr
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
Fagleg og personleg utvikling
Stillinga er ei dagtidsstilling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, NorgeKlikk for å leggje til kartKontaktinformasjonCharlotte Elisabeth BrunstølSeksjonsleiarE-post: charlotte.elisabeth.brunstol@helse-bergen.noIngunn BørøSjefbioingeniørE-post: ingunn.boro@helse-bergen.noOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.