Psykologspesialist

Helse Fonna

  • Haugesund, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Om stillingaVi styrker allmennpsykiatrisk døgnpost og søker nå etter psykologspesialist i 100% fast stilling.Haugaland DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern og rus med opptakskommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Haugaland DPS har lokaler sentralt i Haugesund og på Karmøy. Vi gir eit breidt behandlingstilbod som favnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, FACT, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.Her hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggelege kollegaer, og vi vonar nå at du ynskjer å vere ein del av laget vårt. Me verdset høgt eit tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike profesjonane, og har nå psykiater, sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, LIS3 og LIS1 som faste faggrupper. Vår psykologspesialist går over til anna arbeid, og me søkjer no erstatning i viktig stilling på vår eining. Avdelinga har 10 senger kor 1 av desse er kriseseng som benyttes av Akutt ambulant team. Vårt tilbod er primært til vaksne over 18 år allmennpsykiatriske problemstillingar som angst og stemningsliingar.Intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:07.04.2024Arbeidsgivar:Helse Fonna HFStad:HAUGESUNDStillingstittel:PsykologspesialistStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4778984897Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Psykologfaglege obervasjonar (inkl. utgreiing og testing), vurderingar og behandling.
  • Delta og bidra i teammøte/behandlingsmøte
  • Bidrar i kvalitets- og betringsarbeid
  • Samarbeide med pårørande og aktuelle instansar
  • Halda seg fagleg oppdatert og dessutan bidra til kompetanseheving internt og eksternt
  • Utføra arbeidsoppgåvene i tråd med e-handboka, yrkesetiske retningslinjer Helse Fonna og verdigrunnlaget for psykisk helsearbeid
  • Samhandling med primærhelsetenesta, avdelingar i spesialisthelsetenesta mm.
  • Fortrinnsvis fordjupning i klinisk vaksenpsykologi eller psykolog påbegynt slik fordjuping.
  • Kunne vere vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk hesevern (om ikkje, vil ein legge til rette for vidareutdanning og tileigning av nødvendig kompetanse
Kvalifikasjonar
  • Må ha norsk autorisasjon som psykolog
  • At søker er personleg eigna og har relevant erfaring/praksis blir vektlagt
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Erfaring i å vurdere pasientar i høve Lov om Psykisk helsevern / tvunge psykisk helsevern er ein fordel
Personlege eigenskapar
  • Pasientorientert og engasjert
  • Tålmodig og evne til å knytte relasjon
  • Høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
  • Fleksibel og gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
  • Lønn etter gjeldande avtalar mellom NPF og Helse Fonna, HF.
  • 4 måneders utdanningspermisjon per 5 års periode for spesialister
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.Adresse: Floravegen 75, 5535 HAUGESUND, NorgeKontaktinformasjonKari Bjelland WågenEiningsleiarOm arbeidsgivarenHelse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå . Følg oss også gjerne på .

Helse Fonna

Lignende stillinger

  • Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

    Helse Fonna

    • Kopervik, Rogaland
    Om stillinga Vil du bli vår nye kollega i TSB poliklinikk? TSB poliklinikk (Ruspoliklinikken) er ein tverrfagleg sammensatt poliklinikk med lege, psykologspesialist, sosionomar …
    • 10 dager siden