Sjukepleiar og Vernepleiar til Divisjon psykisk helsevern

Helse Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.Det er ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:
  • , Seksjon S3, S4 og S5 søker sjukepleiar eller vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg.
  • , døgneininga søker sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg. Stillinga er ledig frå snarast
  • Psykiatrisk akuttmottak, PAM2 søker sjukepleiar eller vernepleiar, 2 delt turnus og kvar 3. helg
  • Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) søker sjukepleiar eller vernepleiar, 2-delt langvaktsturnus 12,5 timers vakter, med arbeid kvar fjerde helg
Det er ledig 100% fast stilling ved Klinikk for sikkerheitspsykiatri: Her er det krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.
  • søker sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, 2-delt turnus og pt 3. kvar helg
  • Lokal sikkerheitspost (LS) søker sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, 2-delt turnus og pt. 4. kvar helg med langvakter i helgane
Det er ledig 100% faste stillingar ved Bemanningssenteret i føretaket. Vi søker vernepleiarar og sjukepleiarar til 100% faste stillingarOppstart i stillinga vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.ArbeidsoppgåverAkutt psykose, Seksjon S3, S4 og S5 er akutte, lukka poster med 9 og 12 sengeplassar og er skjerma einingar for menneske med psykoselidingar. Seksjonane er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt Seksjon S3: Sigurd Jakobsen, Tlf. 55 958722
Kontakt Seksjon S4: June Bønæs Nødtvedt, Tlf. 55958848 eller Mari Strømmen, Tlf. 55958847
Kontakt Seksjon S5: Mari Lerum, Tlf. 55958706 eller Liv Mala, Tlf. 55958755Seksjon for Alderspsykiatri er lokalisering i Glasblokkene på haukeland og er ein døgneining med 12 sengeplassar, samt polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar.
Kontakt: Cathrine Stue Børhaug, Tlf. 55974535Psykiatrisk akuttmottak PAM2 gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. På sengeposten (PAM) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.
Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf. 55956412 eller Vemund Lægreid Grønstøl, Tlf. 90862391Kvalifikasjonar (overskrift)Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar fordelt på to pasientgrupper. Seks av plassane er for personar med psykoseliding og kompliserande tilstandar, som rus og personlegheitsforstyrringar. Dei to resterande plassane er for personar med kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og fokus er å bygge relasjonar som støttar ei trygg overgang til bustad, i samarbeid med innsøkande instansar og kommunale tenester. Miljøterapien omfattar kartlegging av ADL-ferdigheiter, stimulering av interesser, bruk av sanserom og musikkterapi for kjensleregulering og meistring. Seksjonen legg òg vekt på fysisk helse som ein integrert del av behandlinga, med tilgang til fysioterapeut og treningsfasilitetar. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod, der både psykisk og fysisk helse står sentralt. Turnusordninga er langvakter på 12,5 timar med arbeid kvar fjerde helg. Ved tilsetting er det krav om gyldig politiattest.
Kontakt: Cecilie Engelsgjerd Eikestad, Tlf. 55958878 eller Susanne Karlsen, Tlf. 55958630Regional sikkerheitspost (RS) sine sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeidar saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve her vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand. Hos oss jobbar det like mange kvinner som menn.
Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55958384Lokal Sikkerheitspost (LS) er ein lukka sengepost med 10 døgnplassar. Vi jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø.
Kontakt: Charlotte Sunde, Tlf. 55958334 eller Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss vil du få moglegheit til å jobbe på eit begrensa tal av avdelingar, og moglegheit til å lage din eigen årsturnus. Vi har fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet. Velkommen på laget :)
Kontakt: Karina Vorland Løvstad, e-postArbeidsoppgåver
  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
Kvalifikasjonar
  • Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar ila vår/sommar 25
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Vi tilbyr
  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Kontaktinformasjon Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.noArbeidsstad Sandviksleitet 1
5036 BergenNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5004668578
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025Kontaktpersoner for stillingenKarina Vorland LøvstadSeksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, BemanningssenteretKopier e-postadresseSjå kontaktpersonoppgitt for dei enkelte stillinganeOm bedriftenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.SektorOffentligNettsted

Helse Bergen