Tilkallingsvikar

Gloppen kommune

  • Sandane, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 3 dager siden
ArbeidsoppgåverOppgåvene er varierte og består mellom anna av:
  • Oppfølging av tenestemottakarar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål
  • Utøve miljøarbeid med støtte frå kjend personale
  • Observasjon og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
  • Helsekompetanse; student, helsefagarbeidar, vernepleiar eller sjukepleiar
  • Erfaring frå og ynskje om å arbeide med målgruppa sjølv utan formell fagkompetanse
  • Du må kunne snakke og skrive godt norsk
  • Førarkort klasse B
  • Kunne nytte journal- og fagsystem
Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad.Vi søker deg som
  • Er ein roleg, tolmodig og trygg vaksen
  • Skapar gode relasjonar til dei rundt deg og opptrer med tolmod og respekt
  • Har evne til å romme ulike følelsesmessige utrykk
  • Trivast i eit aktivt og travelt miljø, og er ein god teamarbeidar
Vi tilbyr
  • Opplæring og rettleiing på arbeidsstaden og via kurs som sikrer at du har den kompetansen du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvene dine.
  • Ein meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
  • Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.Adresse: Grandavegen 9, 6823 SandaneKontaktinformasjonElise Hestenes FjelleAvdelingsleiar MiljøarbeidertenestaKristine Eide RyssdalTenesteleiar MiljøarbeidartenestaOm arbeidsgivarenGloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 - 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Gloppen kommune

Lignende stillinger

  • Tilkallingsvikar

    Gloppen kommune

    • Sandane, Vestland
    Om stillinga Ynskjer du å vere tilkallingsvikar i Miljøarbeidartenesta? Miljøarbeidertenesta i Gloppen yter i dag tenester til omlag 60 brukarar med mellom anna utviklingshemmi…
    • 3 dager siden
  • Tilkallingsvikar

    Gloppen kommune

    • Sandane, Vestland
    Ynskjer du å vere tilkallingsvikar i Miljøarbeidartenesta? Miljøarbeidertenesta i Gloppen yter i dag tenester til omlag 60 brukarar med mellom anna utviklingshemming og psykiske …
    • 3 dager siden