Aktivitetskoordinator

  • Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Me har ledig 100% fast stilling som aktivitetskoordinator i tenesta psykisk helse og rus i Sogndal kommune. Sogndal kommune har etablert eit aktivitetshus, Trivselstunet. Trivselstunet ligg i Sogndal sentrum. Det er flotte, store og nye lokalar som gir rom for ein sosial møteplass og fysisk aktivitet/trening. Ein har tilgang på stort treningslokale med diverse utstyr og garderobar. Her vil ein få moglegheit til å vere kreativ og ha stor påvirkning til å vere med å byggje opp og vidareutvikle tilbodet. Me har fokus på brukarmedverknad og ynskjer at brukarane skal ta aktivt del i utviklinga. Målet for aktivitetstilbodet er å gjere kvardagen meir meiningsfull, verdifull og stimulere til sosial aktivitet. Tenesta skal vere lett tilgjengeleg. I denne stillinga vil ein kunne få brukt alle sine kreative og fagleg kompetanse. Her er det kun fantasien som set grenser.Arbeidsoppgåver og ansvar:Drift av aktivitetstilbodet.Vidareutvikle og bygge opp eit tilbod til felles og eigen aktivitet.Tett samarbeid med andre tjenester og samarbeidspartar.Kartlegge behov og innhente informasjon frå brukargruppaBrukar og pårørandearbeidPrimært arbeid på dagtid og ein ettermiddag/kveld i veka.Kvalifikasjonar:Ynskjeleg med utdanning innan helse og omsorg eller anna relevant utdanning.Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus vil vere eit føremon.Erfaring frå aktivitetstilbod er ynskjeleg.Førarkort klasse BGode norsk kunnskaparPolitiattest av nyare dato ved tilsettingPersonlege eigenskapar:Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig.Evne til å tenke nytt og sjå nye løysingarHar god relasjonskompetanseHøg brukarmedverknadKan takle uforutsette situasjonarGode samarbeidsevner og samstundes vere audmjuk for andre sin kompetanse og erfaringarPersonlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd.Kreativ, engasjert og «handy»Me tilbyr:Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling.Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar.Eit godt arbeidsmiljø.Gode pensjons- og forsikringsordningarGode velferdsordningarMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenMay Tove Lyngset48 23 49 62 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

NAV