Vi søker no etter dyktige sommarstudentar med fagleg engasjement og arbeidsglede til sommarjobb i Sogn og Fjordane. Du vil få moglegheit til å vere med i team som prosjekterer og løyser dei utfordringane vi til ei kvar tid har teke på oss. Du vert med i eit slagkraftig, tverrfagleg rådgjevarmiljø med høg kompetanse og utfordrande og spennande oppgåver.Fagmiljøet geoteknikk i Norconsult består for om lag 100 tilsette i Norge, der ca. halvparten av desse er lokaliserte ved hovedkontoret vårt i Sandvika, og den andre halvparten ute ved kontora våre rundt omkring i Norge. I tillegg har vi omlag 30 geoteknikarar i Sverige og eigne feltavdelingar med boreriggar og laboratorium i Molde og Gøteborg.Vi tilbyr komplette tenester innan geoteknikk frå moglegheitsstudie og prosjektering til oppfølging under bygging. Som geoteknikar hjå oss vil du få moglegheit til å jobbe mot spennande tverrfaglege prosjekt i både Norge og utland. Vi er stolte av eit tett samarbeid på tvers av regionar og kontorlokalitetar i Norconsult.I Sogn og Fjordane har Norconsult kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Gaupne, Lærdal, Flekke, Sandane og på Nordfjordeid med over 90 medarbeidarar totalt. Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, akustikk, brann, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.I Sogn og Fjordane samarbeider vi tett med geoteknikkmiljøet elles i Norconsult, og har stor tilgang på oppdrag innan fagfeltet. Dei geotekniske oppgåvene er i all hovudsak retta mot plan og samferdsel- , bygg- og anlegg- og industrisektoren, der vi tek oss av alle typar geotekniske problemstillingar innan veg, kontor- og næringsbygg, industribygg, hamner, bustadprosjekt, naturfare og kommunaltekniske anlegg.I Sogn og Fjordane har vi pr. i dag geoteknikarar på Sandane og i Sogndal. Vi ønskjer først og fremst søkarar til desse lokasjonane, men andre kontorlokasjonar i Sogn og Fjordane kan også vere aktuelle.Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå korleis vi gjer kvardagen betre - kvar dag: og med eigen episode frå Sogndal:Ta også ein kikk på serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår:Les meir om korleis det er å vere sommarstudent i Norconsult her:Arbeidsoppgåvene dine vil vere:Generell bistand til planlegging og prosjektering i pågåande oppdrag innan ditt fagUtarbeiding av notat og rapportarUtarbeiding av digitale teikningar og modellarDelta på møte og synfaringarFor oss er det viktig at du:Fortrinnsvis er masterstudent på 3. eller 4.året, eller bachelorstudent på 2 året, med relevante fagvalHar kompetanse innan bruk av relevante digitale prosjekteringsverktøy for ditt fag (Revit, Civil 3D, Focus, Novapoint etc.)Er engasjert, positiv og nysgjerrig - tek iniativEr strukturert og pliktoppfyllandeTek ansvar og kan jobbe sjølvstendig med oppgåverBidreg til eit godt sosialt og fagleg miljøHar gode norsk-kunnskapar, både skriftleg og munnlegSom sommarstudent hjå oss får du:Konkurransedyktige løns- og tilsettingsvilkårInnblikk i korleis det er å jobba i rådgjevarbransjenFaglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaerGodt arbeidsmiljø og fadderordningSommarstudentdag i Oslo for heile landetInnsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.NorconsultNorconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 600 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tall pr. andre kvartal 2025).Location SogndalApplication Deadline 2025-10-26Contact person before this positionName: Arne MoenPhone: +47 91 69 94 82Email: Arne.Moen@norconsult.com