Fagingeniør serologi - sjelden mulighet tilgjengelig nå

Helse Fonna

  • Haugesund, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 3 dager siden
Om stillingaVil du vere med å sikre livsviktig behandling - kvar einaste dag?Du får bli ein del av eit engasjert og samspelt fagmiljø med 20 kollegaer som støttar kvarandre i kvardagen. Arbeidsoppgåvene er varierte - med alt frå tapping og komponentframstilling til analyse og blodutlevering - og vi gir deg rom til å vere nysgjerrig, stille spørsmål og bidra.Her heiar vi kvarandre fram når tempoet er høgt, og er stolte av det vi får til saman.Turnus og fleksibilitet
Stillinga går i turnus, men vi finn gjerne løysingar som passar deg. Kanskje vil du ha langvakter og lengre friperiodar? Skriv det i søknaden, så ser vi på moglegheitene saman.Vi er akkreditert av Norsk Akkreditering og jobbar etter kvalitetsstandarden NS-EN ISO 15789. Med moderne system som ProSang og Unilab 700 sikrar vi arbeid av høg kvalitet kvar dag.👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du sender inn ein søknad - eller tek kontakt med Anita for ein uforpliktande prat. Vi fortel deg gjerne meir om kvardagen vår i blodbanken! Intervju gjøres fortløpende.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:16.09.2025Arbeidsgivar:Helse Fonna HFStad:HAUGESUNDStillingstittel:Fagingeniør serologiStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5010575078Sosial deling :Kva går jobben ut på?
  • Blodtypeserologisk analysearbeid
  • Delansvar for fagområdet blodtypeserologi/immunhematologi
  • Superbruker for intrumenter på immunhematologi
  • Tapping av blodgivarar
  • Komponentframstilling og blodutlevering
  • Blodprøvetaking og andre oppgåver ved behov
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Norsk autorisasjon som bioingeniør.
  • Erfaring frå transfusjonsmedisin er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Du må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som:
  • er påliteleg, nøyaktig og tek ansvar
  • set pris på å jobbe tett saman med andre
  • har arbeidsmoral og likar ein aktiv kvardag
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i vurderingaKvifor skal du velje oss?
  • Varierte arbeidsoppgåver og høve til fagleg utvikling.
  • Triveleg arbeidsmiljø med tett samspel.
  • Mulighet til å påverke arbeidstida.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknadenVi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND, NorgeKontaktinformasjonAnita LarsenFunksjonslederE-post: anita.larsen@helse-fonna.noOm arbeidsgivarenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .

Helse Fonna