Ferievikar helse og omsorg

Vanylven kommune

  • Norge
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 28 dager siden
Om stillingaVanylven helse og omsorg inviterer DEG til å søkje som ferievikar! Vi kan tilby inntil 100% stilling mellom
veke 25-33, frå 17. Juni - 18. August.Kunne du tenkje deg ein meiningsfull sommerjobb i eit trivelig arbeidsmiljø med moglegheit for erfaringslæring og utvikling? Då må du søkje som ferievikar hos oss!Helse og omsorg består av:
  • Vanylven helse og omsorgsenter Avd2 med skjerma eining 2E
  • Vanylven Helse og omsorgssenter Avd3
  • Heimebasert omsorg, med base på omsorgssenteret og ved Syvdetun.
  • Bu og avlastning- herunder Utsikten og Djuvika.
  • Bu og avlastning- Avlastninga
  • Institusjonskjøkken
  • Dagaktivitetstilbod
Arbeidet vert organisert i eigen ferieturnus, der arbeidstid blir snittberekna på turnus perioden. Nødvendig opplæring vil bli gitt. Skriv kva arbeidstad du kunne tenkje deg å jobbe. Du må også informere om du kan arbeide heile perioden eller eventuelt kva periode du er tilgjengeleg. Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med den enkelte avdelingsleiar.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:30.04.2024Arbeidsgivar:Vanylven kommuneStillingstittel:Ferievikar helse og omsorgStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4752901985Sosial deling :BehovVi ser etter kokk, kjøkkenassistent, reinhaldarar, aktivitørar,
pleieassistent, helsefagarbeidar, hjelpepleiar, sjukepleiar, vernepleier, andre med sosialfagleg utdanning
og studentar.
Ufaglært og ungdom født 2008 eller tidlegare, med interesse for
å arbeide innan områda vert også oppmoda om å søkje.
For å arbeide i heimetenesta må du ha førerkort klasse B.
Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsettingPersonlege eigenskapar
  • Ansvarsbevisst
  • Stå på vilje og positiv haldning
  • Har interesse for å arbeide med menneske
  • Likar å arbeide i team
  • Er løysningsfokusert og evnar å lære nytt
  • Kan bruke IKT som arbeidsverktøy
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.
  • Studentar som tar høgare utdanning (Høgskule/Universitet) blir lønna etter fagarbeidarstigen
Adresse: NorgeKontaktinformasjonHanne Fiskaa ØrenkjøkkenleiarE-post: hanne.fiskaa.oren@vanylven.kommune.noSunniva Ryeavdelingsleiar Utsikten og DjuvikaE-post: sunniva.rye@vanylven.kommune.noAnne May Sætrevikavdelingsleiar avlastningaE-post: anne.may.tjervag.saetrevik@vanylven.kommune.noKaroline Lundåsavdelingsleiar for heimebasert omsorgE-post: karoline.lundas@vanylven.kommune.noRose-Mari Thunem Nygårdavdelingsleiar avd. 3E-post: rose-mari.thunem.nygaard@vanylven.kommune.noKatrin Brekke Sundeavdelingsleiar avd2E-post: katrin.sunde@vanylven.kommune.noOm arbeidsgivarenVanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.Velkomen til å søkje hjå oss!

Vanylven kommune

Lignende stillinger

  • Ferievikarer sommeren 2024 - Helse og omsorg

    Lurøy kommune

    • Lurøy, Nordland
    Om stillingen Er du hjemmeboende i Lurøy eller utabygds fra og ønsker å oppleve Helgelandskysten i sommer. Da kan du søke sommerjobb hos oss og samtidig få oppleve vår fantasti…
    • 28 dager siden
  • Ferievikarer helse og omsorg 2024

    Dyrøy kommune

    • Dyrøy, Troms og Finnmark
    Ferievikarer helse og omsorg 2024 Dyrøy kommune har ledige stillinger som ferievikarer i pleie- og omsorgstjenesten (omfatter sykehjem, hjemmetjenesten, PU, hjemmehjelp og BPA) …
    • 2 måneder siden
  • Ferievikarer i Helse, - rehabilitering og omsorg

    Nordkapp kommune

    • Nordkapp, Troms og Finnmark
    Ferievikarer i Helse, - rehabilitering og omsorg Om oss Nordkapp kommune ønsker deg velkommen til å bo og arbeide i Norges nordligste kommune. Nordkapp kommune er organisert i …
    • 2 måneder siden