Nattevaktstilling - vil du gjere ein forskjell også når andre søv?

Bømlo kommune

  • Vestland
  • Fast
  • Deltid
  • 7 dager siden
Bømlo heimetenester søkjer ein engasjert og omsorgsfull helsefagarbeidar eller assistent til ei 50 % fast nattevaktstilling med arbeid kvar 4. helg. Du vil få ei viktig rolle i å sikre tryggleik og omsorg for brukarar i eigen bustad - og bidra til at dei kan meistre kvardagen sin på best mogleg måte.Heimetenesta i Bømlo kommune
Heimetenesta organiserer tilbod om heimesjukepleie, matombringing, heimerehabilitering, praktisk bistand, velferdsteknologi bl. tryggleiksalarmar og elektroniske medisindispenserar, dagtilbod for eldre og brukarstyrt personleg assistanse. Me jobbar målretta for å støtte brukarane i å leve gode liv i eigen heim eller tilrettelagt bustad.Arbeidsoppgåver
  • Våken nattevakt med ansvar for brukar i eigen bustad. Ein arbeider åleine, men samarbeider tett med pårørande.
  • Bidra til tryggleik i eigen heim og sikre nødvendig oppfølging.
  • Dokumentere og sikre kontinuitet i tenestetilbodet.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.Kvalifikasjonar
  • Ønskjeleg med fagbrev som helsefagarbeidar, men ufaglærte er også velkomne til å søkje.
  • Må kunne kommunisere godt på norsk.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.Personlege eigenskapar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Trygg på eigen kompetanse og arbeidsutføring.
  • Gode samarbeidsevner og omsorg for andre.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.Vi tilbyr
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Ein meiningsfull jobb med høve til fagleg utvikling.
  • Mogleg medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Anna informasjon:
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Elin Akse Vik på telefon nr. 412 48 119Kontaktinformasjon Elin Akse Vik, 412 48 119,
Hilde Markhus, 909 49 278,Arbeidsstad Bøtun 3
5430 BremnesNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5007773328
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.11.2025
Søknadsfrist: 11.09.2025Kontaktpersoner for stillingenHilde Markhus909 49 278Kopier telefonnummerKopier e-postadresseElin Akse Vik412 48 119Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenBerekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt. Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.SektorOffentligNettsted

Bømlo kommune